<$BlogRSDUrl$>

20.11.09

Dr. Hoel 

Maratonløp for Oddmund Løkensgard Hoel i dag. Først prøveførelesinga ”Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målreisinga som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940”. ”Var målsaka kjønna”, spurte han, og gav tilhøyrarane litt meir enn det opplagte svaret ”ja”. Etter ei innleiing om kjønnsforsking og målsak fokuserte han på tre område, militariseringa (delar av målrørsla hadde ein forsvarsvilje over gjennomsnittet i tida omkring unionsoppløysinga og fram til første verdskrig; dette er òg eit viktig element i avhandlinga), det nynorske husmoridealet og målorganisasjonane. Han fann meir av feministiske spor enn tidlegare målhistorikarar har gjort, men her er stort rom for meir forsking. Det blei vel eigentleg tala meir om kvinnenes posisjon enn om målrørsla som mannsgreie, noko som òg blei påpeikt av andreopponenten mot slutten av disputasen.

Disputasen skulle altså avviklast same dag. Ingen lettvinne løysingar av den grunn, dette var disputas i full skala. Doktoranden gav sjølv ein kort og konsis presentasjon av ”Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940”. Avhandlinga (589 sider brutto) drøftar målrørsla sitt tilhøve til dei to historiske prosessane nasjonsbygging og modernisering, det siste ved hjelp av tre område: urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla. Problemstillinga reiser to spørsmål, for det eine om grunnane for den raske framgangen til målrørsla i første del av perioden, for det andre om moglege føresetnader alt i denne fasen for tilbakegangen etter siste krig. Førsteopponenten, Torbjörn Nilsson frå Södertörns högskola, fokuserte særleg på moderniseringsbegrepet og på dei val og avgrensingar doktoranden her hadde gjort når det galdt studieobjekt og metodiske innfallsvinklar. Eg likte forma, opponenten hadde brote innlegget opp i ni teser, med godt rom for svar frå doktoranden. Da gjer det ikkje så mykje om eit par av ordvekslingane blir noko mindre engasjerande, det var nok av gode spørsmål og svar. Andreopponenten, May-Brith Ohman Nielsen frå Universitetet i Agder, hadde ei meir monologisk form, men med aukande rom for doktoranden og klar stigning mot slutten av innlegget. Ho etterlyste alternative innfallsvinklar. Om eg forstod ho rett, reiste ho mellom anna spørsmålet om dreiinga i fokus for den offentlege debatten frå nasjonsbygging til sosiale problem og velferd, særleg i 1930-åra, kan ha hatt noko å seie for stagnasjonen til målsaka. Mest interessant fann eg likevel sluttsekvensen, der doktoranden blei utfordra på spørsmålet om korleis og i kva grad hans eige målpolitiske engasjement har påverka spørsmålsstillingane og tilnærmingane hans, til dømes valet om å studere elitesynspunkt framfor eit breiare praksisfelt. Tilhøvet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt er hermeneutisk svært interessant, men denne drøftinga fekk for lite rom, synest eg. Endeleg opponerte Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum ex auditorio. Det blei ein kort, men interessant samtale om behovet for å historisere begrepet ”språk”, som oftast berre blir tatt for gitt. Er ”norsk” eitt eller to språk? Er nynorsk ”meir enn eit språk”, og kva meiner ein i så fall med det?

Alt i alt ein svært interessant dag, vel verd turen til Trondheim. Det synest nok òg sambygding Arnhild Skre, som fekk mykje mat til sitt neste prosjekt (biografien om Hulda Garborg), vil eg tru. Elles var det svært hyggeleg å treffe att Torlaug Løkensgard Hoel, ei av mine gode hjelparar frå den faglitterære forfattarutdanninga. Ingen går frå henne utan auka frimot til å uttrykke seg skriftleg. Namnelikskapen med dagens doktorand er ikkje tilfeldig, dei er mor og son. Gildt var det òg å helse på den strengaste kommisjonen til Oddmund, kone og barn. Hyggelege gjensyn var elles forleggjaren og konsulenten til ei bra bok om Blix, Sverre Tusvik og Ottar Grepstad.
# lagt inn 20.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?