<$BlogRSDUrl$>

30.11.09

Målform 

BlixBlog vil i dag på det sterkaste tilrå studium av dagens bidrag frå kollega Jostedalsrypa: "Det underlege omgrepet målform". Ho prøver nok å gøyme bort teksten under ingressen "For svært spesielt interesserte", men det er ingen grunn til å la seg lure. BlixBlog må i så fall reknast mellom dei svært spesielt interesserte, ettersom teksten tek til med ei drøfting av stortingsdebatten om jamstellingsvedtaket i 1885, inkludert rolla til kyrkjestatsråd Elias Blix (om det er nokon der ute som ikkje har innhaldet av denne debatten heilt klårt for seg, finst det eit referat på side 324-329 i Ein betre vår ein gong).

"Utgangspunktet er rett og slett at eg lenge har lurt på kvifor nynorsk og bokmål vert kalla målformer, ikkje språk," skriv Jostedalsrypa. Etter ein tour de force gjennom omgrepshistoria (ja, dette er sikkert skrive i samband med ei eller anna forskarutdanning, men ikkje la deg skremme, det er både leseleg og eksistensielt) sluttar ho med hypotesen:
Den argumentasjonen og dei omgrepa ein har bygt forsvaret for sidemålet på, har kanskje ikkje vore til udelt fordel for elevane med nynorsk som fyrstespråk. Kanskje ville nynorskelevane har større fordel av at nynorsk vart handsama som eit eige fag, det vil seie som eit eige språkfag, det vil seie som eit eige språk – med ein eigen læreplan og ein eigen morsmålsdidaktikk som var betre tilpassa dei særeigne utfordringane som elevar med nynorsk som fyrstespråk står overfor. (Og som kanskje kan hente inspirasjon frå både læreplan i samisk som fyrstespråk og læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.)
Eg er ikkje sikker, kan hende er ho ikkje det sjølv heller, men synspunktet fortener diskusjon.
# lagt inn 30.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?