27.11.09
Nynorsknytt
av det meir uroande slaget i Nationen i dag:
Ungdom droppar nynorskenTala gjeld altså Valdres. Tidlegare har nynorsken tapt Nord-Trøndelag og Hedmark. Tyder dette at målbeltet på austsida av Langfjella òg står for fall, og at nynorsk er i ferd med å bli eit reint vestlandsfenomen? Med mi nord- og austnorske bakgrunn har eg i så fall eit stykke sorgarbeid å gjere. Eller har målrørsla ein strategi for å møte denne utfordringa, noko anna enn frontforkorting?
Skuleelevar i nynorskområde forlet nynorsk som hovudmål når dei sjølve får bestemme.
...
Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte.
Resultata viser mellom anna at:
•75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.
•Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.
•«Innflyttarforeldre» er ik-kje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.
Mange av skiftarane synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at «bokmål er overalt og kan brukast overalt».