13.12.09
Nytolking
BlixBlog registrerer med glede at Krundalsbloggen har kasta seg på bølgja av salmetolkingar. Oddmund L. Hoel skriv:
På jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at “Leid, milde ljos”, omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.Dette er lovande. No ventar vi "Dagens Herborg" som fast spalte. Kom igjen, Oddmund!