<$BlogRSDUrl$>

20.12.09

Salmar i BT 

Bergens Tidende i dag har òg eit dobbeltsidig oppslag om julesalmar, eller meir presist denne:
Det var den gongen songbøkene låg framme og blei flittig brukte både heime, i kyrkja og på skulen. «Juleklokker over jorda» er ein av songane som blei mykje sungne i etterkrigstida, men som er ukjend for mange i dag. Terje Aarset, førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har grave fram historia om denne kraftfulle julesongen i boka «Den nynorske songskatten».
Eit langt og fint intervju med Terje Aarset følgjer. Boka er no trykt i andre opplag, du kan enno få tak i den til jul. Eg er, av ein eller annan grunn, kalla inn som sidekommentator, mellom anna får eg sagt at "[a]kkurat salmesongen er det viktigaste bidraget den lutherske tradisjonen har gitt til den internasjonale kyrkja". Men eigentleg er eg eit unødig innslag her, synest eg, det er Hovden og Aarset det handlar om.
# lagt inn 20.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?