<$BlogRSDUrl$>

19.12.09

Salmar i Klassekampen 

Bokmagasinet i Klassekampen i dag har sett av ei heil dobbeltside til å drøfte salmesong, under overskrifta "Høysang". Kva er det som skjer i norsk åndsliv? Kanskje er det berre eit kollektivt anfall av julestemning, ikkje veit eg, men den siste veka er eg blitt oppringt av to journalistar, det vil seie to meir enn normalt, og begge ville snakke om salmar. Den eine var altså Klassekampens Martin Grüner Larsen. Han skriv:
I juletida blir et av de mest påfallende folkelige litterære fenomener i norsk diktning særlig synlig, der vi ser statskirkekristne og gladagnostikere samle seg sammen i et absurd ritual. Man danser rundt innendørs bartrær og synger religiøse sanger fra 1600-, 1700- og 1800-tallet. Hva gjør dette ritualet, med sine ikoner og salmer, i vårt gjennomsekulariserte samfunn? Hvorfor er det et av de faste punktene i det multikulturelle, sekulære Norges kultur?
Eit vel så viktig utgangspunkt for refleksjonane i Klassekampen er noko Jørgen Sejersted har skrive om salmar i Den norske litterære kanon 1700-1900: "[D]et finnes vel overhodet ingen kulturuttrykk fra 1600-, 1700- eller 1800-tallet som er mer kjent, anvendt og levende i moderne kultur enn salmene." Med dette som utgangspunkt har Larsen intervjua Sejersted, Åge Haavik - grand old man i norsk salmebokarbeid - og underteikna.

Eg fekk høve til å løfte fram den overraskande revitaliseringa av Kingo/Blix-salmen "Upp gledjest alle" ved Sissel K og Odd N. Kor mykje vitugt eg elles hadde å bidra med slik på ståande fot, er eg meir usikker på. Men fenomenet som blir skildra, er høgst interessant og utfordrande, ikkje minst for alle oss som arbeider med å utforme eit religiøst språk for vår tid som kan kommunisere "ei glede for heile folket" og ikkje berre for små kyrkjelege elitegrupper.
# lagt inn 19.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?