<$BlogRSDUrl$>

9.1.10

Årets bok 

Dei er vel snart over no, kåringane av årets "aller upperste", som det i si tid heitte da Knut Borge og han andre hadde ukentlege "Upper ten"-lister i radio. No gjeld det bøker. "2009 var eit godt år for nynorsk litteratur," kommenterer Dag og Tid, som held fram:
Skjønnlitteraturen dyrka nok helst dei tradisjonelle sjangrane, men likevel med noko eksperimentering, ny bruk av historie, frekke vriar, samarbeid over landegrenser og litt leikande tilhøve til eldre litteratur – som nokre titlar på lista nedanfor syner. Sakprosaen dekte eit stort tal emne og interesseområde og var overraskande ofte prega av heilt nye vriar, både sjanger-messig og tematisk, anten det handlar om kulturhistoriske arbeid, frodig essayistisk refleksjon, «kaffibordsbøker» eller meir underhaldande tekstar – sakprosaen ser såleis ut til å vere prega av fornyingsarbeid.
Her er verkeleg mykje å glede seg over. Terje Aarset sin nynorske songskatt har BlixBlog lenge heia fram, den Brageprisvinnande barneboka til Maria Parr, Aukrust-biografien til Jan Inge Sørbø, Bjørnsons ditto ved Edvard Hoem, essaysamlingane til Brit Bildøen og Kjersti Rorgemoen, Fosse-portrettet til Cecilie Seiness, Kjartan Fløgstads roman, estiske Aino Kallas i omsetjing, og Inger Bråtveit/Cecilia Hansson sitt "Loveprosjekt".

Morgenbladet har òg si "Årets bok"-votering. Det mest nynorske som er å finne der, er Morten Strøksnes sine Amerika-reiseskildringar, først trykte i Dag og Tid. Det mest biografiske er Tore Rem sin Bjørneboe - om ein da ikkje vel å lese Karl Ove Knausgårds kamp som (sjølv)biografi, og det bør ein ikkje. Mykje romanar på denne lista, ser eg. Kanskje held eg ein knapp på Ingrid Storholmen og Tsjernobylfortellinger.
# lagt inn 9.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?