<$BlogRSDUrl$>

24.2.10

174 

I dag er det 174 år sidan Elias Blix blei fødd.

Neste år i Gildeskål: Stor jubileumsfeiring!
# lagt inn 24.2.10 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Takk for at du held styr på åremålsdagane for oss, Anders.

Eg tek ned biletet av Blix som heng over skrivebordet mitt og bøyer meg audmjukt. Det er ein reproduksjon etter eit målarstykke av Thyge Matthiassen (vedlegg til Ved Juletid 1942).

Elles emnar eg på ein artikkel om "Songfuglen" (Ein småfugl sat på grøne grein), som første gongen stod på trykk i Norskt Barneblad 20.2.1898.

Den mest kjende tonen til dette diktet er av vossingen Torgeir Raugstad, som i mange år var lærar og klokkar i Volda. "Songfuglen" med Raugstad-tonen er opningsnummer i Norsk Toneblad (april 1910). Så her har vi altså eit hundreårsjubileum. Kjenner eg meg sjølv rett, blir det ein artikkel i Møre-Nytt i april og reprise i Voldaminne utpå hausten.

Lars Søraas d.e. prøvde seg også med ein tone til "Songfuglen" (i Søraas-songbøkene frå 1929), men den har ikkje slått gjennom.

Også Rasofiel Rise har laga tone til dette Blix-diktet, ein svært god tone som fortener å kome i bruk. Eg har skrive eit arrangement for song og piano, om nokon er interessert.

Kjenner lesarane til andre tonar til "Songfuglen"?

Terje Aarset
Av Anonymous Anonym, 8:38 p.m.  
Høyr på Dvergmål sin versjon av "Songfuglen", på Blix-plata "Song i himmelsalar". I tekstheftet skriv dei: "Denne teksten er mest som ein slått. Han ligg så godt til rette for slåttevisetralling. Ein springar etter numedalsspelmannen Arne Olsen (fødd 1940) gav grunnlag for utforminga av melodien. Heile Dvergmål trallar og syng." Utsetjinga er ved Marit Mattisgard.
Av Blogger Anders, 7:28 a.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?