<$BlogRSDUrl$>

27.3.10

Blix og Lægreid 

"Lægreids livshistorier" i Dag og Tid denne veka handlar om "Mine to salmediktarar", Matias Orheim og Elias Blix. I staden for å ta fram den lektorale raudblyanten og påpeike faktafeil skal eg sitere sluttsatsen til Erling Lægreid:
Så det er ingen tvil om at mine to salmediktarar trudde på sin Gud. Og vart elska for det.

For min del kunne dei gjerne ha trudd på Styggen sjølv. Eg hadde beundra dei likevel. Dei var to alen av same stykke, den strenge professoren og den blinde, audmjuke felespelaren.

Det var kjerneved i karane. Dei er begge verde å minnast. Det seier ein heidning.
God påske til Lægreid og lesarane!
# lagt inn 27.3.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?