<$BlogRSDUrl$>

30.4.10

Bladsjå: Stille Stunder 

Aprilnummeret av denne ærverdige publikasjonen (121. årgang!) kom i postkassa her om dagen. Det er ikkje kvar gong eg finn noko som eg meiner er verd å referere, men denne gongen var det mykje innhald på dei tolv små sidene.

Anders Hovdens 150-årsjubileum blir feira med artikkelen "Diktarprest og nasjonalskald" av Nils-Petter Enstad.

Mest interessant er likevel Jarle Bondevik sin artikkel om "Erik Eggen og bibelsk poesi". Eggen er vel meir kjend som lærar og musikar enn som bibelomsetjar, men han har altså mellom anna gjort omsetjinga av Jobs bok i Fyrebilsbibelen (1921).
# lagt inn 30.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?