<$BlogRSDUrl$>

29.4.10

Blix i Skien 

Eg er stadig imponert over dei lokale arrangørane, førehandsomtalen i dag frå Varden:
Blix-kveld i Gulset kirke
SKIEN Kulturkomiteen i Gulset menighet saman med Mållaget Dag har tatt initiativet til ein kulturkveld der programmet dreiar seg om Elias Blix. Han som i dag vel har størst kunnskapar om salmediktaren, teologen, bibelomsetjaren, politikaren, professoren og nynorskmannen, er Anders Aschim I 2008 gav han ut ein gjennomarbeidd, stor Blix-biografi av høg kvalitet.

I den nye kyrkjesalen på Gulset i kveld vil han halde foredrag om Blix, og songkoret G-VOX og forsamlinga skal synge Blix-salmer.
Klokka 19.30 i kveld, altså.
# lagt inn 29.4.10 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Eigenmelding: Du verda, dette var moro. Eg har lenge gledd meg til å sjå nykyrkja til kollega Elisabeth. Den er lys og fin og full av sko(!). Overraskande talrikt frammøte på ein gild vårkveld, flott kor med to gode organistar i spissen, og framifrå allsong. All ære til arrangørane, kulturutvalet i Gulset kyrkjelyd og Mållaget Dag. Sanneleg var familien òg møtt fram, G. har ei tante og ei kusine i nærmiljøet.
Av Blogger Anders, 11:59 a.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?