<$BlogRSDUrl$>

13.4.10

Kyrkjespråk i radio 

I dette klippet frå Norgesglasset i NRK P1 8. april kan du høyre Per Halse fortelje om forskinga si på nynorsk kyrkjemål.
# lagt inn 13.4.10 3 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Takk for den lenkja! Det er slått fast før: Det finst ingenting nytt under sola.
- Veldig mange som hadde posisjonar i kyrkja, var skeptiske og motarbeidde nynorsken veldig lenge...

Jf. dagens kyrkjelege vilje til å bruka nynorsk, her t.d.:
http://www.konfirmant.no/
Kyrkjerådet er utgjevar.

Eg finn to setningar på nynorsk, sitat frå lydfiler av tri Stavangerungdomar som snakkar (nynorsk) dialekt. Resten er på bokmål. Eg ser ingen teikn på nettet til at brosjyren kjem på nynorsk i år heller. Kva er forklaringa i år tru? Tidspress? Mangel på ressursar? Mangel på folk? Ein tabbe (til)? Skal dei på golvet - i flat positur igjen? Eg er spent!
Av Anonymous Anonym, 12:08 a.m.  
Aha! Så dette er eigentleg meir skryt enn realitetar. Ei lita brosjyre til nynorskbrukarar, peikar til ein stor nettstad på bokmål.
Av Blogger Anders, 6:59 a.m.  
Det er jo fint at brosjyren kjem på nynorsk i år. Etter fleire sterke oppfordringar er det fint å nå fram. Men kvifor i all verda greier dei ikkje å leggja ut nynorsk versjon på nettstaden? Dette minner sterkt om ein utmattingskamp!
Sjå her:
http://www.iko.no/iko/vedlegg/Babysangbrosjyre-Bjorgvin-Var2010a.pdf
sjå s. 2, nedst. Kor mange av dei 39 songane er på nynorsk, trur du? Alle som les dette, bør ringa IKO og spørja. Les først korleis cd'en er tenkt brukt. Denne gongen er det altså dei i Bjørgvin bispedøme, eit BD som har plikt til å ha nynorsk i alt utetterretta materiell, som skal læra å synga - på bokmål.
Av Anonymous Anonym, 8:29 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?