18.4.10
Trusopplæring på nynorsk
Noregs Mållag har landsmøte denne helga (utan flysamband). Ein av resolusjonane gjeld trusopplæring. Her heiter det mellom anna:
Noregs Mållag krev at born og unge blir sikra eit tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei store livsforteljingane, og dei talar til hjarta. Særleg derfor er målforma viktig her.

Noregs Mållag krev at statskyrkja får på plass eit regelverk etter mønster frå opplæringslova i skulen, slik at born og unge, i tråd med St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining, kan bli trygge og gode språkbrukarar på sitt eige hovudmål. I trusopplæringa inngår de tmykje song og forteljingsstoff. Tilbod om nynorsk i tekst og tale har så langt vore dårleg.