<$BlogRSDUrl$>

5.7.10

Gildeskål-nytt 


Hyggeleg nytt frå Sør-Hålogaland bispedømmeråd. Du synest kan hende det er gammalt nytt, men eg fekk først høyre ryktet i dag, og nypresten har ikkje flytta enno. Eivind Ørum er 31 år og kjem frå stillinga som ungdomsprest i Ullensaker. Så har dei endeleg fått prest i fast rekning att i Gildeskål, etter lang tid med vikarar. Noko av det første han får i fanget når han kjem, er førebuingane til Blix-jubileet. Lukke til!
# lagt inn 5.7.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?