<$BlogRSDUrl$>

7.8.10

Enda meir om fedrelandssalmen 

BlixBlog har gått nokre dagar på Hardangervidda (ja, Blix sjølv har vore der før oss, sommaren 1861, for å vere presis, på fottur saman med venene Ole Tobias Olsen og Carl Johan Nielsen). I mellomtida har debatten om Fedrelandssalmen og NRK halde fram. 5. august nådde den Odins ramnar i Vårt Land, Hugin og Munin:
SALMESLUTT
NRK skal slutte å spille Elias Blix’ fagre fedrelandssalme Gud signe vårt dyre fedreland på P1 hver søndag morgen. Dette har vakt sterke reaksjoner. Underskrifter er samlet inn og arge lederartikler er skrevet (men merkelig nok ikke i Fædrelandsvennen). NRK begrunner avgjørelsen med at «tiden har gått fra avspillingen av fedrelandssalmen», men hvordan kan de si det? Norge har aldri vært et dyrere land enn nå.

Roald Martinussen minner om at NRK har mange gode fedrelandssalmer å velge mellom:

- «Reis deg, Guds menighet » er også en gammel fedrelandssalme, kjent under navnet Tsar-hymnen. En annen mulighet for NRKs søndagsprogramstart er jo Haydns gamle keiserhymne. I et forsøk på overdøve Marsaillaisen åpnet den aldrende Haydn vinduet sitt og spilte demonstrativt sin keiserhymne da Napoleons soldater hadde invadert Wien.

Keiserhymnen ble senere melodi til den tyske nasjonalsangen «Deutschlandlied», med åpningsordene «Deutschland, Deutschland über alles».

Den vil nok få P1-lyttere opp på søndagsmorgenen.
Eg har ei kjensle av at krigshistorikar Ragnar Ulstein ikkje finn sluttpoenget særleg morosamt. Dagen før, altså 4. august, hadde han ei heilside i Sunnmørsposten. Eg siterer eit par utdrag, innlegget er ikkje publisert på nett, det eg kan sjå:
Arvesølv. Er Fedrelandssalmen utgått på dato?

Kan arvesølv gå ut på dato? Ved frigjeringa av landet i mai 1945 song eit samla folk frå tusentals grender, i alle byar og tettstader i glede og tårer denne salmen, Ved avdukinga av hundretals minnesteinar over våre falne i 1940-50-åra song folk denne salmen. Ved kvar minnehøgtid over dei ti tusen landssmenn som gav sine liv for fedrelandet og, for dei langt fleiremed livsvarige sår .har Fedrelandssalmen tona over bygd og by.

Ein slik song er Fedrelandssalmen.

Under Haldningskampen i okkupasjonstida vart den sungen i stuvfulle kyrkjer. Ein veldig skare song den framfor Nidarosdomens stengde dør i 1942. Det var det året då åndskampen mot nazismen i Norge nådde eit klimaks og vart vunnen.

Fredens sigerssalme. Salmen er fredens sigersalme. Den har lydd på fredsdagen, 8. mai og på kvar 17. mais morgon. For mange er Fedrelandssalmen og Nasjonalsongen alt dei treng for nasjonaldagen. Her blir det aktuelle og det varige sunge inn i folket.
Dette er synspunkt eg har respekt for. Men Ulstein har òg synspunkt som gjer meg uroleg:
Der er eit men: I denne minoriteten av innvandrarar er muslimane ei stor gruppe Og i denne finst ein kjerne av islamistar som vil ha bort både denne salmen og dei verdiane den står for. Målet dei har, som ikkje kan vere ukjent for NRK, er gradvis å svekke det opphavleg norske, og fylle tomromet etter det med islamsk religion og kultur.

Det må kome som ei gåve til denne kjernen i islam, når den ansvarlege i NRK fjernar nordmenns fedrelandssalme i det største av alle media, vårt eige NRK.
Her melder dessverre Ulstein seg inn i ein klubb av konspirasjonsteoretikarar som eg er djupt usamd med.

Til slutt eit korrektiv til Vårt Land sitt oppslag om saka 15. juli. Der står det om "salmen som siden 2004 er blitt sunget klokken 6.57 hver søndag". Terje Aarset korrigerer i ein epost til Vårt Land. Eg tillet meg å sitere:
Dette med 2004 er ikkje rett. Salmen har vore brukt i NRK sidan 1938, med eit lite opphald i 1980-åra. Historia om "Gud signe vårt dyre fedreland" og NRK finn du i ei rammetekst i "Den nynorske songskatten" (s. 92). Kjelda mi er Lasse Dyrdal (f. 1923, tilsett i NRK 1949-91).
# lagt inn 7.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?