8.9.10
Allsong
I kveld har eg sunge meg gjennom "Den nynorske songskatten" under venleg og kompetent leiing av Terje Aarset og med tonefølgje av Ingvild Bryn. Triveleg og godt besøkt arrangement i lokala til Bygdelagssamskipnaden i Nordahl Bruns gate, eit steinkast eller to frå kontoret mitt. Bra for helsa og humøret. Det er for lite allsong i samfunnet.