26.1.11
Garborg 160
Gratulera med dagen, Garborg!
Med faklar og langt tog i grålysinga feira Undheim skule Arne Garborg sin 160 årsdag. Og brått var han der sjølv også.
Gratulera med dagen, Garborg! - Stavanger Aftenblad
Og på Litteraturhuset i Oslo blei dagen feira med lansering av boka “Med lykti i hand”. Garborg som diktar og tenkjar.
Her fekk vi mellom anna høyre Jan Inge Sørbø argumentere for Garborgs plass i den norske litterære kanon med denne trefaldige grunngjevinga:
- Garborg har skrive den beste norske romanen frå 1800-talet (Fred).
- Garborg har skrive den beste norske diktsamlinga frå 1800-talet (Haugtussa).
- Garborg har skrive det beste norske essayet frå 1800-talet (“Hanna Winsnes’ kokebok”).
Slik er det berre.