<$BlogRSDUrl$>

28.2.11

Bursdag 24. februar 

Når eg først har sett i gang denne bloggen, har eg vel ei viss meldeplikt når det gjeld Elias Blix-jubileet.

Torsdag 24. februar var det bursdagsselskap på Sandhornøy skole. Eg var ikkje der, men eg har høyrt rykte om eit fint arrangement med kjempeinnsats av skoleelevane. Etterpå var det samling ved Blix-bautaen på heimstaden Volden. Der tala domprost Elin Vangen.
Oppdatering, 2. mars: Referat frå feiringa på Sandhornøy i Meløyavisa (via eliasblix.no)

Ordføraren var ikkje der, han var i Oslo saman med dei andre Salten-ordførarane og biskop Tor Jørgensen. Dei høgtida fødselsdagen til Blix med ei minnestund ved grava på Vår Frelsers gravlund og eit arrangement i Det Norske Teatret. Talar haldne ved dette høvet finn du på eliasblix.no, biskopens tale i teatret finn du på bloggen hans òg.

I Bodø var det altså stor Blix-kveld i Rønvik kyrkje.

Sjølv feira eg dagen i Sandnessjøen og på Alstahaug.
# lagt inn 28.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?