<$BlogRSDUrl$>

25.2.11

NaboNytt 

Eg kunne berre ikkje la vere å formidle denne … (signert Espen Tørset):

Heidres over heile landet

Skrevet 24.02.2011 22:17 - Kultur


Vil du bli betre kjent med Blix, er denne biografien eit godt val!

Som politikar, teolog, bibelomsetjar, språkmann og ikkje minst salmediktar har Elias Blix ein heilt spesiell plass i den norske kulturhistoria.

Denne mannen frå Gildeskål i Nordland vart fødd 24. februar 1836, og er dermed 175 år i dag. Denne "runddagen" vil bli markert i heile landet i 2011.

Han var med på å kjempe gjennom jamnstillingsvedtaket i 1885, han var hovudmannen bak omsetjinga av Det nye testamentet, og han gjorde nynorsken levande for kyrkjefolk i heile landet med sine salmar med bilete som folk kjente seg igjen i.

Enno i dag er 51 av salmane i salmeboka skrive av Elias Blix, og 20 av salmane i boka har han satt om. Fedrelandssalmen, No livnar det i lundar, Med Jesus vil eg fara og Barndomsminne frå Nordland er kanskje dei mest kjente tekstane han har skrive.

Alle som har vore skoleborn i Noreg og Skaun er kjent med den rike songskatten til Blix.

NaboNytt - Lokalavis på nett - Nyheter fra Buvika, Børsa, Skaun og Viggja | Heidres over heile landet

# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?