<$BlogRSDUrl$>

12.3.11

Blix-gløymsle 

Kurt-Johnny Olsen i Avisa Nordland og på sin eigen blogg i dag:

Elias Blix for de store anledninger

“175-årsjubilanten” Elias Blix (1836-1905) er åpenbart salmedikteren for de store anledninger, så som 17. mai og andre nasjonale merkedager, når Bodø/Glimt skal piske opp stemningen i Nordlandshallen og når nordlendinger flest mimrer om sine «heimlege strender» i festlig lag i Oslo og andre byer.

For øvrig synes han dessverre å være på vei ut av den kirke han ønsket å tjene!

Les meir her: A-BLOGGEN : Elias Blix for de store anledninger

# lagt inn 12.3.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

(Nytt forsøk, retta ein feil)

Vel heime frå gudsteneste, der vi m.a. song NOS 109, opna eg lenkja til kronikken.
Noko liknande sa dei også på Alstahug, Blix er lite sungen. Alt for lite, vil vel Blixblog meine. Eg trur nok Blix realitiv sett er meir sungen i forsamlingar (No livnar..), i den gamle skulen (Syng i stille..), i songkor (Dagsens auga, Kling no klokka) enn i kyrkja, men for å ha meir enn eiga røynsle å telje ut frå, talde eg opp frå radiogudstenestene hittil i år. Lista har nr til 22 salmar. 7 diktarar har minst 2 tekstar, omsett eller originalt. Av dei er Brunvoll på topp med 5, deretter følgjer Ellingsen, Grundtvig, Landstad, Garborg og Blix på ein delt andreplass (alle med 2).
Ein av dei 22 salamane var frå S97. Blix er altså meir bruka enn heile S97 til saman.
Veit Blixblog om det finst seriøs statistikk på dette?

mvh Knut
Av Anonymous Anonym, 10:59 p.m.  
Det veit eg ikkje, Knut. Men eg vil tru Kyrkjerådet og dei som arbeider med ny salmebok, har innhenta statistiske opplysningar i ei eller anna form.
Blix-bruken varierer nok sterkt, ikkje minst avhengig av prest og organist, men òg av landsdel. Eg har no sunge Blix her i skogbygda ved opptil fleire høve i år, og eg trur ikkje dei salmane er valde berre for å vere hyggeleg mot meg.
Av Blogger Anders, 11:16 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?