11.3.11
Blix-revolusjon
Siste nytt i Facebook-revolusjonar er Facebook-gruppa "Revolusjonen for Blix & Co." Eg støttar heilhjarta opp om kampen for utryddingstruga Blix-salmar. Trond Kverno har valt rett taktikk: Ta opp konkrete enkeltsalmar, ikkje sjå seg blind på tal. Første kamp gjeld kyrkjesalmane "Heilag er kyrkja her" og "Det er så godt å vitja". Eg vil kjenne det som eit stort tap om desse sterke salmane - særleg den siste - forsvinn frå salmeboka.