<$BlogRSDUrl$>

10.3.11

Himmelske Fader 

"Vi kommer sent, Hr. Kunsel, men vi kommer godt!"

Voldaminne er årsskriftet til Volda Sogelag. I 2010-årgangen, som eg skulle omtala for lengst, har Terje Aarset - ja, han med Den nynorske songskatten - ein fin artikkel om Blix-salmen "Gud Fader", meir kjend etter førstelinja "Himmelske Fader, herleg utan like". Her gjennomgår han, i kjend stil, teksten og dei ulike tonane som har vore knytta til denne salmen, "Vingede skarer" (den lærte eg først, på kyrkjebenken i Tromsø domkyrkje) og tonen til Olav Sande, som no er den mest brukte.

Men rosinen i pølsa er verkeleg kommentaren til tonen av Volda-komponisten Sivert H. Geitvik, og særleg historia om den legendariske innspelinga med Sunnmøre kristelege mannskor (1955), med Johan Sæter som dirigent, Randulf Saunes som solist og Georg Notøy ved orgelet. Terje har intervjua fleire av dei sentrale medverkande, spesielt organisten, som var 19 år gammal da innspelinga blei gjort. Denne innspelinga har ei utruleg fartstid i Ønskekonserten, og den har faktisk vore spelt i "Sangtimen" både 20. februar og 6. mars i år. Svært mange menneske har tydelege og gode minne om denne songen.
# lagt inn 10.3.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?