<$BlogRSDUrl$>

1.3.11

Søndag 27. februar 

var det festgudsteneste i hovudkyrkja i Gildeskål. Det var Kristi forklåringsdag, og Tor Jørgensen heldt ei svært treffande preike over evangelieteksten om "Jesus i ljosbragd på berget", sjølvsagt etter at vi hadde sunge Blix-salmen over teksten først. Både fjellet og Elias førekjem i teksten i Matteus 17, så bispen hadde mykje å spele på. Han hadde kollegial støtte av biskopane Per Oskar Kjølaas frå Nord-Hålogaland og Tor Singsaas frå Nidaros. Eg har noko respektlaust omtala dei som "dei tre bispane Bruse som skulle til Gildeskål og feire". I tillegg deltok domprosten, noverande og tidlegare prestar i Gildeskål, kyrkjeleg tilsette, ordførar og soknerådsmedlemmer, og ikkje minst konfirmantar. For meg var det to ting som gjorde denne gudstenesta heilt spesiell:

For det første det musikalske innhaldet. Trollmannen Bjørn Andor Drage sat ved orgelet og leia kammerkoret VocalART. Dei urframførte to tonar til Blix-salmar av Trond Kverno, ein av dei aller fremste komponistane i kongeriket: "Det er så godt å vitja" og "Himmelen med all sin her".

For det andre målforma. Endeleg har vi halde gudsteneste på nynorsk på heimstaden til han som skapte det nynorske kyrkjemålet.

Og så var det kyrkjekaffi på den vidaregåande skolen på Inndyr. Berre blide folk å sjå. Men prosjektleiar Petter Kjærnes og nokre andre nøkkelpersonar får forhåpentlegvis eit par fridagar ved inngangen til mars månad.

Takk for denne gongen. På gjensyn til sommaren. Helga 12.-14. august er det folkefest for Blix. Ta nokre feriedagar og reis til Gildeskål.
# lagt inn 1.3.11 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Takk til dem som urfremførte disse to salmene "mine". Jeg tviler ikke på at det låt flott.
Jeg hadde planer om å komme, men ytre hindringer kom i veien for å kunne være til stede.
Av Blogger Trond H. F. Kverno, 2:19 p.m.  
Takk til alle som var med og uroppføre salmene "mine". Jeg hadde planlagt å være der. Ytre hindringer kom. Det beklager jeg.
Av Anonymous Trond H. F. Kverno, 2:21 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?