26.4.11
Blix & Fløgstad
Eg har visst aldri kommentert Kjartan Fløgstad sin bruk av Blix i romanen "U3". I dag fekk eg eit påskot. Påskenummeret av "Stille Stunder" kom i postkassa. Det inneheld mellom anna eit fint og personleg stykke av Knut Skorpen om - nettopp - å oppdage Blix via Kjartan Fløgstad og denne romanen. Den sentrale staden finn du på side 163, men heile romanen er framleis verd å lese.