<$BlogRSDUrl$>

22.5.11

Lansering 

 

Per Halse har fått gitt ut doktoravhandlinga si i redusert og folkeleg utgåve. Boka, "Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. " i serien Krkjefag Profil frå Tapir Akademisk forlag, vert lansert torsdag 26. mai kl. 12.00 i rom 158 i Berte Kanutte-huset.

"Maalsak og Vantru høyrer i hop som Samsystkin.” Det skreiv ein framståande teolog i 1893. Men fleire og fleire song salmar på landsmål, og i 1907 godkjende regjeringa ein nynorskversjon av gudstenesteliturgien. Denne boka fortel korleis det norske folkespråket trengde seg inn i kyrkja. Nasjonale og lokale diskusjonar vert presenterte, og lesaren får innsyn i ein sentral og spennande del av norsk kultur- og språkhistorie.
Framstillinga er for det meste kyrkjehistorisk, men eit hovudkapittel går nøye gjennom den fyrste landsmålsomsetjinga av Det nye testamentet. Der handlar det om korleis ord og uttrykk i den greske grunnteksta best skulle attgjevast på norsk.
Heile eller delar av boka vil vere aktuell som pensum innafor både norsk språk-, kyrkje- og meir generell kulturhistorie. Samstundes er ho skriven for ei breiare målgruppe. Språkføringa og framstillingsforma er tilpassa allment interesserte lesarar.

Les meir på hivolda.no

# lagt inn 22.5.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?