<$BlogRSDUrl$>

1.7.11

Gudstenestemelding 

Konsertar, teaterframsyningar, filmar og bøker blir gjerne melde og vurderte i pressa. Det er sjeldan det skjer med gudstenester, sjølv om Aftenpostens søndagsnummer for eit par veker sidan faktisk hadde ei samlemelding av ei rad gudstenester i Oslo-området i vår.

Dag og Tid-meldar Sjur Haga Bringeland har vore på Dei nynorske festspela og har hatt det fint, han som vi andre. Eg må jo berre vedgå at eg synest det er svært hyggeleg at han brukar ein god del av spalteplassen på festspelgudstenesta søndagen. Og ikkje mindre hyggeleg er overskrifta: "Tunteneste - Slik skal ei nynorsk gudsteneste i Blix-året gjerast".
Gudstenesta i Aasen-tunet er ei høveleg avslutning på Dei nynorske festspela; med Ivar Aasens bibel på altaret blir me minte om at mykje av den nynorske kulturen er ein kyrkjeleg kultur.
Eg tykte verkeleg det blei ein god heilskap. For meg var høgdepunktet det fine barnekoret frå Hjørundfjord, under venleg og myndig leiing av kantor Marie Mundal Austrheim. Liturgen, Ørsta-sokneprest Matias Austrheim (han er far til kyrkjemusikaren, ja) og festspeldiktar/tekstlesar Bjørn Sortland blir dregne fram, men ikkje minst har Bringeland eit øyre for den sunnmørske salmesongen (resultat: Blix slo Støylen på heimebane).

Og sanneleg har han ei eiga undersak om "førpremieren" på den nye bibelomsetjinga, med ei kort vurdering. Akkurat denne delen er nok litt prematur, han har hatt lite materiale å ta i. Men han har høyrt godt etter, det skal han ha.
# lagt inn 1.7.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?