<$BlogRSDUrl$>

16.8.11

Høgdepunktet (1) 

Kva kan eg skrive om det kunstnarlege høgdepunktet under Blix-jubileet, teaterframsyninga ”Små øyeblix” i Gildeskål hovudkyrkje (nykyrkja)? At publikum forlét kyrkja enten med eit lys i auga, eller med tårer i auga? At eg høyrer til siste gruppe? Eg har sett produksjonen tre gonger, og eg eig ikkje avstand til stoffet, det råkar meg i mellomgolvet kvar gong. At alle kyrkjer i Noregs land bør sikre seg denne framsyninga snarast? At dette er noko heilt anna enn slike historisk-biografiske spel som florerer ved denslags jubileumshøve? At du aldri har visst at Blix-salmane var så nær det livet du lever, og det på måtar du ikkje skulle tru? At Ragnar Hovland opptrer i ei uvand rolle som oppbyggingsforfattar? At Ragnar Hovland opptrer i ei uvand rolle (OK, litt mindre uvand) som feelgood-forfattar? At eg er utruleg imponert over det fine samspelet mellom Hovlands tekst, Halldis Hoaas’ dramaturgi og Yngve Sundvors regi? At du skal merke deg den unge gitaristen Trym Bjønnes? At det går heilt fint å kle Blix-tekstar i tonespråk i grenselandet mellom blues og folketonar? At skodespelarane Eva Dons og Lasse Kolsrud gestaltar eit djupt attkjenneleg parforhold på lett attkjennelege måtar? At dei vokale prestasjonane (dei musikalske, altså) held overraskande høg kvalitet? At du aldri kjem til å gjette sluttscenen? Stryk det som ikkje passar. Stryk ingenting.
# lagt inn 16.8.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?