26.2.04
Blix og Garborg II
Reisestipend (1882)
Det vart altså ikkje noko reisestipend på Arne Garborg etter stortingshandsaminga 17. juni 1882. Han var ikkje politisk korrekt. Professorane Sars, Skavlan og Blix hadde ikkje greidd å overtyde stortingsfleirtalet.
Det var nordlandsrepresentanten Sofus Arctander som hadde fått Blix til å skrive ei anbefaling for Garborg. Han skal vi treffe att, både som medlem i Den nordlandske Forening i hovudstaden og som regjeringskollega av Blix i åra 1884-1888.
Men framleis er det sommaren 1882. Elias Blix' "Redegjørelse" i Fædrelandet midt i juli fekk eit etterspel. Det var vel å vente. Initiativet var nok velmeint, men diskresjonen kan diskuterast. Og onsdag 19. juli skriv Garborg følgjande opne brev i same avisa:
* Retting, 29.02.2004: Det gjekk for fort med Essendrop. Garborgs vreide går ut over Bernhard Ludvig Essendrop (1812-1891), stiftsprost i Trondheim og liberal (seinare meir moderat) politikar. Biskopen var bror hans, Carl Peder Parelius Essendrop (1818-1893). Han var biskop i Tromsø 1861-1867, seinare i Oslo frå 1875.
** Retting, 03.03.2004: Ny feil. Det er Budsjettkomiteen si innstilling Garborg er harm over. Han har lufta liknande tankar i brev til stortingsrepresentant Sofus Arctander 13. juni 1882 (Nasjonalbiblioteket i Oslo, brevsamling 220).
Heile ordvekslinga i Fedrelandet (.pdf-fil)
Brev frå Garborg 18.06.1882 (.pdf-fil)
For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®
Blix og Garborg I.
Blix og Garborg III (Albertine, 1886).
Blix og Garborg IV (Nettverka, 1900).
Blix og Garborg V (Asker).
Blix og Garborg. P. S.
Send ein kommentar.

Til Prof. Dr. E. Blix. (Indsendt.) Med taknemmelig Anerkjendelse af den Godhed, De har vist mig ved at støtte mit Andragende om Reisehjælp med Deres værdifulde Anbefaling, nødes jeg dog nu, efterat have læst Deres "Redegjørelse" i nærværende Blads No. 55, at forelægge Dem følgende Spørgsmaal til velvillig Besvarelse:På dette svara Blix så godt han kunne onsdag 26. juli. Han var samd når det galdt privat og offentleg, men sidan ein privat samtale alt var (feil-)referert offentleg, hadde han kjent seg nøydd til å korrigere. På dei andre spørsmåla svarar han:
1. Hvad er Deres Mening, naar De taler om de "ulykkelige" Forhold, hvori jeg nu efter Deres Mening staar, og erklærer, at disse "Forhold" formentlig "væsentlig har bidraget" til at føre mig ind i den "Krise", hvori jeg nu antages at befinde mig?
2. Hvad er det for en "dyb Krise", De mener at jeg for tiden gjennemgaar?
3. Hvad mener De med at denne fomentlige Krise "truer med at ødelægge mig paa Legem og Sjæl"(!)?
4. Antager De ikke, at i Almindelighed bør private Forhold til en vis Grad holdes udenfor den offentlige Skriftveksel?
Kristiania den 15de Juli 1882
Ærbødigst
Arne Garborg.
Med den omtalte "Krise" osv. vilde jeg sige, at De efter mit Indtryk for Tiden befandt Dem i en Tilstand af sterk aandelig Gjæring og Tvivl, der kunde blive til uoprettelig Skade baade for Deres aandelige Udvikling og Deres legemlige Helbred, og at denne "Krise" for en stor Del antages fremkaldt ved den overanstrengende oprivende Kampstilling, hvori De nu stod, og som jeg derfor troede at kunne betegne som en "ulykkelig" Stilling.Garborgs "Slutreplikk" kom ei veke seinare:
Hr. Prof. Dr. E. Blix! Efter Deres sidste Redegjørelse, for hvilken jeg herved takker, skal jeg intet videre bemærke, men indskrænke mig til at oplyse, at De, m. H. t. den omhandlede Krise befinder Dem i fuldstændig Vildfarelse.Resten av replikken nyttar Garborg til å gje redaksjonen i Fædrelandet eit spark, før han kjem med denne avskilssalven:
Dermed forsvinder da ogsaa "Krisens" formodede Følger. –
Jeg kunde nok have Lyst paa en liden Afregning med hin ærverdige Stiftsprovst og Olafsridder, der i sin Komiteindstilling besvarede en ærbødig Ansøgning om Reisehjælp med et Angreb paa Ansøgerens Karakter; – men Manden er jo nu aftraadt fra Skuepladsen, saa jeg skal lade det være.Det siste var eit spark til stiftsprost, seinare biskop, Essendrop*, formann i Gage- og Pensionskomiteen.** Ein del av forklåringa på Garborgs kraftige reaksjon ligg her, og hos Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnson hadde nemleg personleg skrive til Essendrop: "Sørg for, at Garborgs Sag uopholdelig kommer fore, da hans Venner ellers ikke kan indestaa for ham." Dette initiativet hadde irritert Essendrop kraftig, og Garborg fortel i eit brev til slektningar heime at han hadde sitert dette "reint private, og tankelause" brevet både i komiteen og i Stortinget - for å vise at det var ein rekonvalesens Garborg trong, ikkje ei studiereise - og noko slikt kunne ikkje Stortinget gje løyving til. Dette er nok bakgrunnen for Garborgs skarpe reaksjon mot Blix.