<$BlogRSDUrl$>

24.2.04

Dagens Blix 

Kom Jesus inn og med meg ver, / Naar det til Kvelden stundar!
Og lat din Engel standa her / Ved Lægjet, naar eg blundar,
Og varda vel min Kvilestad! / Og vekk meg glad
Til Song med Fugl i Lundar!

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 65

Dette andre verset av "Kveldsong" (No Soli bak um blaae Fjell) song dei kvar einaste kveld i barndomsheimen til Jofrid Kongsnes, fortel ho, som kveldsbøn. Jofrid bur på Flateby i Enebakk. Ho har teke godt vare på songtradisjonen heimefrå, både i skolen (ingen stad syng elevane så godt som på Hauglia skole, der Jofrid har vore rektor) og i kyrkja (Jofrid er sjefsideolog i Kirkeringen på Flateby).

Heile salmen.
Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?