<$BlogRSDUrl$>

13.4.04

Dagens Blix 

Krist stod upp av Daude / I Paaske-Morgonraude.
So syng no høgt og hjarteglad / Hans Kyrkjelyd i kvar ein Stad:
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Velde, / Han Synd og Daude felde.
Vaar Synd er sonad, Livet kjøypt / Og Dauden er i Siger gløypt.
Æra vere Gud i det Høge!

Krist stod upp med Heider, / Han oss til Himmels leider.
Der lova me med Engleljod / Guds Son, som upp av Daude stod.
Æra vere Gud i det Høge!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 67

"Krist stod upp av Daude" var ny i 1891-utgåva av Nokre Salmar. "Etter Grundtvig", står det som kjeldetilvising. Det er om lag like sant som at Grundtvigs "Christ stod op af Døde" er "fritt etter Christ ist erstanden, 1000-t", som Norsk Salmebok (nr. 183) seier. Om ein samanliknar med bokmålsversjonen (Norsk Salmebok nr. 182), som med dei mange repetisjonane og det enkle folkevisepreget følgjer Grundtvig svært tett, ser ein at Elias Blix her i røynda har forma ein ny tekst over eit klassisk tema.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?