<$BlogRSDUrl$>

15.4.04

Dagens Blix 

Ljos yver Grav, / Som oss Livsvoni gav,
Rann med Guds Son ifraa Daude.
Solrenning klaar / Som den vænaste Vaar
Steig yver Gravstader aude.
Ljoset og Livet fyr alle Mann
Straalande upp med vaar Frelsar rann.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 69

Berre ein heilt ny påskesalme gav Blix ut i 1891-utgåva av Nokre Salmar (i tillegg til gjendiktinga av Grundtvigs "Krist stod upp av Daude"). Det er til gjengjeld sjølvaste "Ljos yver Grav", den mest sungne påskesalmen hans, og den einaste originale Blix-salmen som fekk plass i Norsk Salmebok (1986, nr. 188). [16.04.2004: Her vart eg for upresis, forstår eg. Det eg meinte å seie, var at "Ljos yver Grav" er den einaste av Blix sine eigne påskesalmar som kom med i Norsk Salmebok - og at eg synest det burde vore plass til nokre fleir.]

Skal eg peike på eit element som særpregar denne svært typiske og svært rike Blix-salmen, må det bli dette: Dei første kapitla av Første Mosebok er ei av Blix sine bibelske hovudkjelder, så òg her. Men i denne salmen teiknar han, som mange andre bibeltolkarar, dei verkeleg store bibelske linene. Og dei rekk heilt til dei siste kapitla i Johannes' openberring. Tydelege eksempel finn du i vers 2 og 3:
Engelen kvad / Yver daudstille Stad: / Krist er med Siger uppstaden!
Sigrande vel / Yver Ormen fraa Hel / Bøtte han Brotet og Skaden.
Syndi er sonad og Saaret grødt, / Livet av Daude er atter født.

Kristus stod upp / Som det Livstre i Knupp, / Som i all Æva skal bløma.
Skapande Liv / Han alt Drepande driv, / Dauden fyr honom maa røma,
So ved det Livstre til Herrens Pris / Eingong me livna i Paradis.
Sjå no på desse to bibelske motiva:Heile salmen (.pdf-fil).
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 15.4.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?