<$BlogRSDUrl$>

4.5.04

Kvinna 

Det var en Sankt-Hanskveld, / og Aftensolen strøde / sit Guld paa Norges Fjeld.
Da mødte jeg en fager Mø, / saa lys som Nordlands Sommer, / hvor Dagen ei kan dø.


Kvinna i livet sitt fann Elias Blix først da han var komen halvvegs. Den fagre møya han møtte sankthanskvelden 1868 heitte Emma Alvilde Marie Hansen og var på den tida nitten år gammal. Sjølv var han tretten år eldre.

Det var ikkje første gongen dei møttest. Han hadde vore læraren hennar, men det var lenge før ho vart aktuell som ekteskapskandidat – sannsynlegvis tidleg på 60-talet. På dette biletet skal dei begge vere å finne (eg har att litt arbeid ved Folkemuseet, ser eg). Frå 1863 hadde Blix postar ved Nissens og seinare Gjertsens privatskolar, og der var det helst gutar han hadde å stri med. Men den første lærarposten i hovudstaden hadde han ved Siewers' jenteskole. No fortel soga, pluss eit klassebilete frå sjette klasse (1864), at Emma Hansen gjekk på frøken Steffens' jenteskole, så her har eg noko å forklare. Det kan vere at eg enno ikkje har full oversikt over Elias Blix sine skiftande arbeidsgjevarar. Men det kan og tenkjast at Emma Hansen begynte på Siewers' skole og heldt fram på Steffens'. Siewers' jenteskole gjekk nemleg konkurs. Den fagre Emma skal elles ha vore god til å spele piano som ung. Ho var dotter til Marie (f. Saxen, 1804-1873) og Hans Mathias Hansen (1805-1865), og oppvaksen i Revierstredet 9 i Kristiania, like ved den noverande Bankplassen. Der hadde faren møbelsnikkarverksemd i eigen gard. Det var ei stor og velrenommert verksemd, Hansen leverte møbel både til slottet og til Thomas Heftye sitt Sarabråten. Men han var altså død før Elias Blix kom på tale som svigerson.

Send ein kommentar.
# lagt inn 4.5.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?