<$BlogRSDUrl$>

23.6.04

Jonsokbarn 

Jonsokbarnet i familien Blix var yngste sonen, Ivar. Ivar Blix var fødd 23. juni 1889. Han var gift med Bergljot Bergslien, dotter til målaren og bilethoggaren Nils Bergslien. Dei møttest i Hardanger, men kom etter kvart til å setje bu på Bygdøy i Oslo. Ivar Blix var knytt til Norsk Hydro gjennom store delar av yrkeslivet sitt. Han vart revisjonssjef i firmaet. Ivar døydde i 1967 og Bergljot i 1975. Men det finst framleis ein liten landsby "Blixendorf" på Bygdøy; eg har fått mykje verdfullt materiale av barna til Ivar Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 23.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?