<$BlogRSDUrl$>

1.7.04

Salmar i Dagbladet 

Det første vesle heftet av Nokre Salmar kom altså ut til påske i 1869. Tysdagen i den stille veka, 23. mars, noterer Aasen i dagboka si: "Af Blix: Nokre Salmar." Påskeaftan, laurdag 27. mars, trykkjer Dagbladet "Den Paaske er væl ljos og blid" på framsida, under overskrifta "Paaskesalme", men utan opplysningar om opphavsmann eller publikasjon. Fredagen etter, 2. april, kjem det ei melding signert o. på framsida. Denne signaturen er, så vidt eg veit, ikkje identifisert. Meldaren, som presenterer seg som "ældre Lærer," vil "især anbefale denne Bog til Lærere og Forældre." Han legg stor vekt på det pedagogiske potensialet i salmane: "Dette forjætter en rig Velsignelse, at Barnet faar lære Troens Sandheder paa sit eget maal." Til slutt gjev han att "Den Veg til Livet er so trong," som ei prøve på arbeidet til "vor nationale Salmedigter."

Les heile meldinga (.pdf-fil).
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.7.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?