<$BlogRSDUrl$>

30.6.04

Best ever ... 

Ivar Aasen-tunet:
Vi ser mykje som enno kan bli betre, men for oss er dette rett og slett dei beste festspela vi har gjennomført. Slik oppsummerer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum Dei Nynorske Festspela 2004.
Les meir.
# lagt inn 30.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Høyr sjølv! 

No kan du sjølv høyre Dvergmål sin CD Song i himmelsalar. I nettbutikken til plateselskapet Grappa kan du høyre smakebitar frå plata (gratis), bestille CD eller laste ned lydspor til datamaskinen din (mot betaling). Få med deg Aasen-plata Visor og kvæde frå Blåberglandet med det same.

Meir om Song i himmelsalar.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 16,3-5
3 Helse Priskilla og Akvilas, mine Medarbeidarar i Kristus Jesus,
4 som hava vaagat sitt eiget Liv fyre mitt, - som ikkje berre eg takkar, men og alle Kyrkjelydar av Heidingom;
5 og heile Kyrkjelyden i deira Hus.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Det 16. og siste kapitlet i Romarbrevet begynner med helsingar til 26 namngjevne personar, pluss nokre anonyme. Ikkje verst å ha ein så stor krins av kjenningar på ein stad du aldri har vore. Det kristne Roma i antikken var nokså kosmopolittisk.

Les verset i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.6.04

Litt bokhistorie 

For å bli i familien: Det er bror Per Kristian som har gjort meg merksam på disiplinen "bokhistorie". Det er mykje å lære om det litterære feltet ved å studere dei høgst konkrete ytre rammene. Her kjem eit lite bidrag til ein biografi om Nokre Salmar:

Det første heftet kom altså ut anonymt ved påsketider 1869, "ei lita flis på tretti sider billeg papir", som Berge Furre har sagt. Opplaget var på heile 3000, det største i Samlaget sitt første år, og prisen var fire skilling.

Men salet var nok mindre enn venta, for opplaget for det andre (mars 1870) og tredje heftet (september 1875) vart redusert til 1500. Prisen var no resp. 8 og 12 skilling.

"Andre rettade og aukade Utgaava" (oktober 1883) inneheldt samtlege salmar frå dei tre opphavlege hefta, pluss eit dusin nye, tematisk ordna. Eg kjenner ikkje opplagstal eller slikt for denne utgåva. Men det var den som var i bruk i Telemarkskyrkjelydane som først song nynorske salmar i gudstenesta, juledagen 1884.

Og denne utgåva må Samlaget ha greidd å selje. I alle fall fann bokhandlar Mons Litleré i Bergen grunn til å gje ut ei uendra (tredje) utgåve. Og han tok godt i. I eit brev til kyrkjestatsråd Elias Blix dagsett 6. februar 1888 fortel han:
No er "Nokre salmar" ferduge frå prentaren. Bokbindaren held no på og bind dei inn. Eg tok upplaget på 2000 stykkje.
(Resten av brevet, som du kan lese her, er ei bøn til kyrkjestatsråden om kontrakt på den nye leseboka. Eg veit ikkje korleis det gjekk, berre at Litleré var uheldig med "timinga"; regjeringa Sverdrup var i full krise, og Blix gjekk av som statsråd 24. februar).

Men Nokre Salmar vart nok ingen suksess for Litleré. 28. november 1890 skreiv leiaren for Samlaget, Alexander Seippel, eit forsiktig og diplomatisk brev til han (her kjem ei av rosinene eg har fått frå Per E. Hem, han med Jørgen Løvland-biografien; om du vil, kan du lese heile brevet):
Som De veit, er professor Blix meint paa aa gjeva ut salmarne sine (4de utgaava) so snart som mogelegt. Helst vilde han no, at Samlaget skulde taka denne nye utgaava liksom dei tvo fysste; og Samlaget paa sin kant tor inkje sleppa ifraa seg fyrelagsretten til so gjæv ei bok. Men so kjem det i vegen, at De enno hev so mykje som 1400 exemplar liggjande av 3e utgaava. Visstnog er det, ettersom eg høyrer, paa eigje von og vaage De hev trykkt so stort eit upplag; men det er sjølvsagt, at me inkje gjarne vil gjera vaar eigjen kommissionær imot elder valda honom nokot tap, mykje helder maa det vera ei av vaare uppgåver aa stydja den einaste norske bokhandlaren so godt som me kann ...
Mellom linene skjønar vi at Blix no er svært målmedviten:
Han stend fast paa det, at han helst vil hava bokji ut so snart som raad er, og at han inkje kann kløyva henne i tvo lutar (soleis at barre[SIC] dei nye kjem ut fyr det fysste, som De meiner vilde vera best).
Den fjerde utgåva av Nokre Salmar, som kom i juli 1891, no MED forfattarnamn på tittelbladet, var organisert etter kyrkjeåret, som ei vanleg kyrkjesalmebok. Eg trur at Blix personleg, etter at Telemarkskyrkjelydane hadde teke salmane hans i bruk i 1884, la opp ein medviten strategi som i 1892 resulterte i godkjenninga av boka til bruk i gudstenesta.

Der må eg stoppe i dag. Men det er på 1890-talet det verkeleg tek av. "Fram til 1900 var salmebøkene av Elias Blix prenta i minst 214 000 eksemplar," ifølgje Ottar Grepstad.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Resepsjonen 

Det finst mange vitnemål om kva Blix-salmane har hatt å seie for folk. Her er eit far min sende meg:
Et par ganger traff jeg journalist Fredrik Ramm i tukthuset. Han var kanskje litt uforsiktig. Han snakket rett ut fra leveren, det var aldri tvil om hvor han sto. Men det skulle ikke lette hans opphold der. En dag mot slutten av 1942 leverte han meg en lapp, med første verset av en salme han ville ha bragt videre "til alle nordmenn - nå eller senere":

"Gamleåret seig i hav,
Siste dag i dauden bleikna;
Men i aust det atter kveikna,
Nyfødd sol stod upp or grav.
Ljoset fram or myrkret stiger
Som på fyrste skapingsdag,
Sol og dag er fødd til siger,
Myrkret dømt til nederlag".

Andre gangen jeg traff ham, kunne jeg se at det gikk nedover med ham, han bad meg sende videre en nyttarshilsen 1942-43 til "alle nordmenn hjemme", fra ham, med salme 116 av David. Senere fikk vi beskjeden om at han var død i Odense på veien nordover.

Sverre Løberg, Det jeg husker best (Oslo: Aschehoug, 1966), s. 143
Og for oss unge, som ikkje har eigne minne om desse to motpolane:

Fredrik Ramm (1892–1943) var journalist, nyhenderedaktør i Morgenbladet (men likevel tydeleg antifascist), omvend gjennom Oxford-vekkinga (han stod Ronald Fangen nær), berykta i kulturradikale krinsar for artikkelen om bokhausten 1931 med tittelen "En skitten strøm flyter ut over landet", men her: tukthusfange i Hamburg under krigen, på grunn av den skarpe pennen sin.

Sverre Løberg (1905–76) var radikal typograf,motstandsmann, medfange av Ramm i Tyskland, arbeidarpartipolitikar (Stortinget 1945-1969) og hauk i rettsoppgjeret etter krigen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 15,25-28
25 Men no fer eg til Jerusalem i ei Ærend fyre dei heilage.
26 For Makedonia og Akaja hava funnet fyre godt aa gjera eit Samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.
27 Dei hava funnet so fyre godt, og dei ero og deira Skuldmenner; for naar Heidningarne hava fenget Lut i deira andelege gode Ting, so ero dei og skyldige til aa tena deim med dei timelege.
28 Naar eg daa heve fullført dette og trygt fenget denne Frukt i deira Hender, so vil eg fara derfraa gjennom dykkar Land til Spania.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet.
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.6.04

Nokre Salmar 

Eg held på med dei to første hefta av Nokre Salmar att. No strevar eg - som einkvar annan diktarbiograf - med å skrive verket inn i livet. Eg må snart få avslutta kapitlet om det lange 1860-talet (studietida i Kristiania, 1859-1871).

Noko av det første eg gjorde på BlixBlog, var å gå gjennom desse eldste salmane. No har eg laga elektroniske utgåver av dei to første hefta. Du kan sjå dei som .pdf-filer, laste dei ned til din eigen maskin, eller skrive dei ut. Bruk desse peikarane:

Nokre Salmar I (1869) (118 KB)
Nokre Salmar II (1870) (142 KB)

P. S. Om du lurar på det: Det er ikkje eg som har skrive "Cand. theol. Blix" på tittelbladet, det er H. G. Heggtveit. Han er altså mellom dei som har visst kven den anonyme forfattaren var, og det før han vart "dr. Blix" i 1876.

For å sjå .pdf-filer treng du gratisprogrammet Adobe® Reader®

Send ein kommentar.
# lagt inn 28.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 15,13
13 Men den Gud, som giv Von, han fylle dykker med all Gleda og Fred i Trui, at de kunna vera rike paa Von ved Krafti av den heilage Ande!
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les verset i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 28.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.6.04

Rytmen 

Det er ikkje mykje ein får sagt på ei lita avisside. Eg er glad eg ikkje er journalist. Det var så mykje meir eg gjerne skulle sagt om kvalitetane til Dvergmål-plata Song i himmelsalar.

Eg talar om "den heilt eigne vokalklangen", men utan å få sagt noko vitugt om den presise samklangen mellom fire ulike røyster og dialektar - det solide fundamentet i form av Marit Mattisgard sin Valdres-alt; Øyonn Groven Myhren (frå Oslo/Hallingdal/Telemark/Noreg) som glitrar på toppen; hardingtonane som svingar seg mellom desse to frå Turid Spildo; og den einslege mannsrøysta frå Telemark, Jon Anders Halvorsen, i ulike roller. Kan hende finn vi den mest karakteristiske "sounden" i "Far utor dine skor": Jon Anders syng melodien, dei tre jentene følgjer tett i overstemmer. Men på plata opptrer dei i alle moglege kombinasjonar, solistisk, unisont, tostemt og fleirstemt.

Instrumentalarrangementa er eit kapittel for seg. Dette er som eit musikalsk "dogme"-prosjekt, reint akustisk lydbilete, og songarane spelar sjølv alle instrument: Hardingfele, langeleik, lyre, seljefløyte, harmonium. Sparsamt, men utruleg effektfullt, og framifrå framført.

Eg har tenkt ein del over kva som skjer med Elias Blix når Dvergmål tek tekstane hans i munnen. Det som slår meg sterkast, er kor musikalske Blix-tekstane er, så fulle av klang og rytme. Det er ikkje mykje å merke her til den gamle "seige og sene" professor som Henrik Hille lærde hebraisk av i 1900. Om eg skal peike på ein einskild faktor det er særleg grunn til å framheve i Dvergmål si Blix-tolking, må det vere nett det rytmiske elementet. Så spenstig går det an å gjere det - og det utan å bruke slagverk!

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på CD 

"Blix på CD Kan det vere von for verda likevel? spør meldar"

Slik presenterer framsida av Vårt Land i dag meldinga mi av Dvergmål-plata Song i himmelsalar, som vart lansert i går. Sjølve meldinga står på side 20-21. Teksten er ikkje lagt ut på nett, men det er mogleg å kjøpe papiravisa i elektronisk format (.pdf).

Eg framtrer som endå meir verdikonservativ enn eg likar å famstille meg, ser eg; oppslaget står på same side som eit langt utdrag frå Alf van der Hagens leiar i Morgenbladet denne veka, med tittelen "Verdikonservatisme i dag". Det kan eg leve med. Verre er det at VL har utstyrt meldinga med ein bokmålstittel ("Blix følger oss helt hjem"). Men språkfeila mine, som dei har gløymt å rette, får eg ta på mi eiga kappe.

I tillegg til Song i himmelsalar omtalar eg òg, noko meir kortfatta, CD-platene til Kine Hellebust og Bodø Domkor.

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.6.04

Dvergmål-CD 

Landskappleik 2004 Kva Landskappleiken har med Blix å gjere? Mykje: I dag kl. 12.00 lanserer kvedarkvartetten Dvergmål (Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisgard, Øyonn Groven Myhren, Turid Spildo) den etterlengta CD-plata Song i himmelsalar, 15 "viser, rim og helgasongar" av Elias Blix i folketonedrakt. I neste veke finn du den i butikken.

Eg har skrive ei melding av plata for Vårt Land. Sidan den ikkje er publisert i dag, har BlixBlog ambisjonar om å vere første medium ut med å gjere merksam på plata, som kjem på merket Heilo (HCD 7192). Den må du ikkje gå glipp av! Eg gret av glede ved første gjennomhøyring, og skreiv:
Vanlegvis er eg kulturpessimist. Men nett no lurar eg på om det kan vere von for verda likevel. Grunnen er ein doggfrisk og lys levande kombinasjon av tre tilsynelatande dødsdømde element: Salmar, nynorsk og kveding.
Meir seinare.

Send ein kommentar.
# lagt inn 25.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Landskappleik 

Landskappleik 2004 Landskappleiken 2004 tok til jonsokaftan og held på til sundag 27. Staden er Eidfjord, heimstaden til Johanna og Nils Bergslien, svigerforeldra til Ivar Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 15,9-12
9 men at Heidningarne skulo prisa Gud fyre Miskunn, som skrivet er: "Difyre vil eg prisa deg millom Heidningar og lovsyngja ditt Namn."
10 Og atter segjer Skrifti: "Fagne dykker, Heidningar, saman med hans Folk!"
11 Og atter: "Love Herren, alle Heidningar, og prise honom, alle Folk!"
12 Og atter segjer Esaias: "Det skal vera Roti av Isai og han, som reiser seg til aa raada yver Heidningom; paa honom skulo Heidningarne vona."
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Elias Blix kom aldri så langt som til å omsetje det gamle testamentet, der han hadde primærkompetansen sin - med to unnatak: Den tredelen av Salmane som han rakk å fullføre før han døydde, og alle sitata i det nye testamentet. Her er eit døme.

Og med ein oppvekst på Hedmarken har eg ein forkjærleik for dativ ("Heidningom").

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.6.04

Nynorskbrukar 2004 

BlixBlog gratulerer SideBrok med prisen "Årets nynorskbrukar 2004" - "hiphopgruppa frå Hovdebygda som har gjort at det er tøft å snakke kav sunnmørsk". Prisen vart delt ut i går under Dei Nynorske Festspela.

Les meir (Sunnmørsposten).
# lagt inn 24.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 14,11-12
11 For det er skrivet: "So sant som eg liver, segjer Herren, so skal kvart Kne bøygjast fyre meg, og kvar Tunga skal lova Gud."
12 So skal daa kvar og ein av oss gjera Gud Rekneskap fyre seg sjølv.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet.
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.6.04

Festspel! 

I kveld opnar Dei Nynorske Festspela. Opningshøgtida finn stad i Ivar Aasen-tunet kl. 19.00. Så vert det spel heilt fram til sundag 27. Festspeldiktar er Frode Grytten. Av andre ting eg gjerne skulle opplevd, nemner eg Ivar Aasen-minneforedraget "Og ordet vart nynorsk" ved Jarle Bondevik og festspelutstillinga til Marvin Halleraker (som har illustrert den einaste boka eg har gjeve ut til no). Men i år får eg halde meg heime og skrive.

Send ein kommentar.
# lagt inn 23.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jonsokbarn 

Jonsokbarnet i familien Blix var yngste sonen, Ivar. Ivar Blix var fødd 23. juni 1889. Han var gift med Bergljot Bergslien, dotter til målaren og bilethoggaren Nils Bergslien. Dei møttest i Hardanger, men kom etter kvart til å setje bu på Bygdøy i Oslo. Ivar Blix var knytt til Norsk Hydro gjennom store delar av yrkeslivet sitt. Han vart revisjonssjef i firmaet. Ivar døydde i 1967 og Bergljot i 1975. Men det finst framleis ein liten landsby "Blixendorf" på Bygdøy; eg har fått mykje verdfullt materiale av barna til Ivar Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 23.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 14,7-8
7 For ingen av oss liver fyre seg sjølv, og ingen døyr fyre seg sjølv;
8 for um me liva, so liva me fyre Herren, og um me døy, so døy me fyre Herren; so anten me liva elder døy, høyra me Herren til.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 23.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.6.04

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 13,1-2
1 Kvar Menneskja vere dei fyresette Styremagter undergjevi! for der er ikkje Styremagt utan av Gud; men dei Styremagter, som ero, dei ero skipade av Gud;
2 so at den, som set seg imot Styremagti, han stend Guds Skipnad imot; men dei, som standa imot, skulo faa sin Dom.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

To år etter at han gav denne teksten norsk språkdrakt, gjekk omsetjaren inn i ei regjering som for mange konservative norske kristne representerte eit brot med Pauli ord. Tolkinga av Rom 13 har ofte skapt kontroversar.

Les heile kapitlet.
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Førre kapitlet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.6.04

Teknisk feil? 

Eg har hatt ein del problem med å lese min eigen vevlogg i det siste, utan at eg heilt veit kvifor. Noko kan skuldast tekniske problem på blogger.com. status.blogger.com gjev oppdatert informasjon om stoda der.

Men alle mine leseproblem forsvinn når eg nyttar (ny)norske Opera som nettlesar i staden for Internet Explorer. Hmmm.

Send ein kommentar.
# lagt inn 21.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarane 12,13-15
13 Syne Samhug med dei heilage i deira Trong; vere gjerna gjestmilde!
14 Velsigne deim, som forfylgja dykker; velsigne og banne ikkje!
15 Gledje dykker med dei glade, og graate med dei graatande!
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet.
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.6.04

I dag 

er det dåpsdagen til Hans Peter Blix, døypt i Leipzig 19. juni 1872.

Og festspela i Nord-Noreg opnar i Harstad kl. 12.00.

Send ein kommentar.
# lagt inn 19.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.6.04

Hardingtonar 

Hardingtonar
opnar i kveld, med orkesterkonsert i Norheimsund. Edvard Grieg og Geirr Tveitt står på programmet. Ole Kristian Ruud leiar Bergen Filharmoniske Orkester.

Men for BlixBlog er sundagen meir interessant. Da framfører Dvergmål Blix-programmet sitt, "Song i himmelsalar", ved to konsertar, i Øystese og Strandebarm kyrkjer. Eg skal kviskre deg noko: Neste veke kjem CD-plata!

Les heile programmet.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Samiske kyrkjedagar 

Samiske kyrkjedagar
Nett no (kl. 09.00) opnar dei fyrste samiske kyrkjedagane i Jokkmokk i Sverige.
Over 500 deltakere fra hele Sapmi (sameland) samles til helgen til de første samiske kirkedager. Arrangementet i Jokkmokk, Sverige blir det største felleskirkelige samiske arrangementet noen gang.

- Samiske kirkedager vil vise at det skjer mye spennende innen samisk kirkeliv og kultur for tiden. Vi tror også at arrangementet vil inspirere til økt kirkelig engasjement for urfolkssamarbeidet over landegrensene i nord, sier generalsekretær Synnøve Brevik i Samisk kirkeråd for Den norske kirke.
---
Russiske samer
På Samiske kirkedager deltar også en delegasjon på omkring 25 samer fra Russland. Synnøve Brevik er glad for den russiske deltakelsen.

- Den russiske delegasjonen kommer sammen med erkebiskop Simon fra Murmansk i Den russisk ortodokse kirke. De fleste russiske samer tilhører Den russisk-ortodokse kirke, og jeg håper denne kirken framover kan til et nettverksarbeid som involverer flere russiske samer i kirkesamarbeidet i Barentsregionen. De russiske samene har en langt dårligere situasjon enn samer i de nordiske landene. Samlingen på Samiske kirkedager kan skape økt oppmerksomhet om dette, sier Brevik.
Les meir.
Logo og informasjon frå kyrkja.no
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Romarbrevet 12,12 Vere glade i Voni, toluge i Trengsla, trottuge i Bøni!
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Dette er bibelverset eg ber med meg dagleg - gjennom inskripsjonen i gifteringen min.

Gårsdagens Blix.
Les verset i dagens bibelomsetjing.
Førre kapitlet.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.6.04

Dagens Blix 

Statsraad Blix
Herom vidner tydelig nok et Foredrag om vore Fiskerier, han som Kandidat holdt i "Den nordl. Forening", og som blev optaget i flere Aviser og vakte fortjent Opmærksomhed. Han paapegede her, hvor lidet Udbytte Nordlændingen selv havde af sine rige Fiskerier; de fik knapt nok sit Arbeide betalt end sige Fiskens Værdi og hvad Fiskeredskaberne kostede dem. De øste bogstavelig talt Værdier op af Havet for at andre skulde profitere deraf. Dette Misforhold mellem Arbeide og Udbytte maatte der rettes paa; men hvorledes, ved hvilke Midler? Det var det Problem i Fiskerforholdene, til hvis Løsning han mente enhver interesseret Fisker burde give Fingerpeg ...
------
Nordlands Trompet 1. årgang, nr. 5, 29.07.1884

Den eldste biografien eg har funne om Elias Blix så langt er ein dobbeltartikkel i Nordlands Trompet, bladet til "Den nordlandske Forening" i Kristiania. Det er tydeleg at dette miljøet har vore viktig for utviklinga av dei politiske interessene til Blix. Biografien er signert H. S. Det er formannen i foreininga, stud. theol. H. Strøm, som løyner seg i dette merket. Føredraget han refererer til, må Blix ha skrive på slutten av 1860-talet. Eg har ikkje funne sjølve teksten enno, berre dette referatet. Men det viser at Blix hadde sett den mekanismen som i nyare utviklingsstudiar gjerne vert kalla "råvarefella". Det er element her som dreg i ei temmeleg radikal retning.

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.6.04

Bloomsday 


BlixBlog får vel flagge med det irske flagget i dag. Kvifor?

Flaggbilete med løyve frå ITA's Flags of All Countries
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

FotBaal 

Eg har nemnt saka tidlegare, i samband med fotballfolket sin bruk av "Å, eg veit meg eit land." I går skreiv eg i eit lesarinnlegg i Vårt Land med tittelen "Den virkelige trusselen" (åtvaring: bokmål):
I vårt samfunn har fotball langt på vei overtatt funksjonene som Ba'al-dyrkelsen hadde i gammeltestamentlig tid. Det dreier seg om dyrkelse av livskraft, ungdom og fruktbarhet, ofte i ekstatiske og ukontrollerte former. Fotballen har sine ritualer, sitt kultpersonale, sine lokale og sentrale helligsteder og sine altere.
Eg ser ikkje bort frå at eg har gjort noko dumt. No veit eg korleis nyhende blir til. Vårt Land hadde denne oppfølgjaren i dag:
Kamp om fotBa´alen
Fotball er en større trussel mot den kristne kulturarven enn islam, mener teolog Anders Aschim. Einar Gelius og Halvor Nordhaug synes han skyter over mål.
(Les meir)
Sidan har eg takka høfleg nei til ei handfull oppmodingar frå etermedium om å følgje opp. Eg har fått sagt det eg hadde på hjartet, og det får vere bra.

Send ein kommentar.
# lagt inn 16.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

All makt ... 

Under overskrifta All makt i NRK skriv dei observante Vårt Land-ramnane Hugin og Munin:
Vi forventer nå at NRK Fjernsynet heretter vil starte og avslutte alle sine sendinger med pene bilder fra Ulvik og andre bygder på Vestlandet, vakkert ledsaget av mannskor fra Sunnmøre som stødig holder seg til Anders Hovdens og Ivar Aasens nasjonalklenodier. Ja, og salmene fra Venstre-statsråd Elias Blix må heller ikke glømmes.
Høvet er den totale Venstre-dominansen i det nye NRK-styret, med Eldbjørg Løwer som leiar og Thor Bjarne Bore som nestleiar.

BlixBlog støttar sjølvsagt heilhjarta opp om kravet frå Hugin og Munin.

Les meir.
# lagt inn 16.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.6.04

Sensur 

Denne veka har eg mykje sensurarbeid på Menighetsfakultetet (for balansens skuld får eg nemne at eg var sensor ved universitetet sitt teologiske fakultet i førre veka). Det fører til noko redusert aktivitet på BlixBlog. Eg får orsake meg med at emnet er Elias Blix' gamle fag - hebraisk.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.6.04

Blix og mållaget 

Det ser altså ut til at Blix VAR med i det "Maallag" som møttest alt i åra 1861-1863. Dei viktigaste kjeldene til dagleglivet der er Aasen si dagbok og Yngvar Nielsen(!) sine minnebøker. Året før Løvland skreiv stykket om Ross som du finn lengre ned på sida, noterte Olav Midttun i Syn og Segn nr. 25 (1919), s. 281:
Det var vel desse maalmannsmøti i hovudkvarteret hjaa Ross Blix minte um paa aarsmøtet i Det norske samlaget i 1897 i ein tale for Hans Ross, og som han kalla for det fyrste maallaget i Kristiania; men det var ingen fast samskipnad paa nokor vis.
Men tilhøvet mellom dei til dels overlappande landsmålsnettverka i Kristiania på 1860-talet (mållag, "Felag", "Døleringen", "Kvervingsdrykkjur", "Samlag") er framleis noko uklårt for meg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Mållag 1862 

Frå eit innlegg i Bergensposten 14.02.1862:
Midt under denne moderne Danskhedsiver, der i den senere Tid har grebet saamange af alle Stænder her i Kristiania, er det ikke saa lidet betydningsfuld [SIC] for Norskheden, at et "Maallag" har dannet sig i al Stilhed med Ivar Aasen i Spidsen. Af Østlændinger findes der i dette Maallag kun yderst faa, men desto flere af Bergensere og Throndhjemmere eller rettere Vestlændinger og Folk fra det Nordenfjeldske. Størsteparten er ældre Folk, hvis Interesse for Sagen hverken hidrører fra nogen fix Ynglingside eller Lyst til Originalitet; en fast Villie, et klart Blik og en sund Opfattelse af Norskhedsideen leder hele deres Færd. Medens en saadan Forening for nogle Aar siden vilde have strømmet over af unge Studenter, kan mn nu gjøre sikrere Regning paa modne Mænd med grundige Kundskaber og varige Interesser. Denne Forening har kun bestaaet i nogle Maaneder og er endnu at betragte som et privat Selskab, thi saavidt vides, har Maallaget aldrig indbudt Folk til at tegne sig som Medlem af det. Maallagets Formaal er at virke for Landsmaalets Fremme, og de Kræfter, det allerede nu har at raade over, borger for en heldig Fremgang. Samlingsafternene beskjæftiger man sig med Oplæsning af Oversættelser af forskjelligt Indhold, samt Diskussion over Ting, der angaa Landsmaalet. Disse Oversættelser ere baade af skjemtefuld og alvorlig Natur, baade fra Sagaerne og den moderne Literatur; Landsmaalet viser sig at være lige bekvemt for ethvert Thema, ja det Alvorlige synes næsten at vinde i Styrke, Inderlighed og Klarhed ved Oversættelse i Landsmaalet. Maallaget agter at udgive nogle Oversættelser efterhaanden. Fortiden er en Encyklopædi under Arbeide af Ivar Aasen; flere Ark ere oplæste i Samlingsaftenerne og vandt udelt Bifald; men den kommer nok at følge "Folkevennen" som Tillægshefte, saaledes kan jo strengt taget ikke "Maallaget" siges at udgive den, men det er nu aldeles uvæsentligt. At Maallaget har en stor Fremtid synes at være ganske sikkert; thi kan man nogensteds sige, at Lysten driver Verket, saa er det her, og Frugterne af et saadant Forhold maa jo altid falde rigt. Det vil forhaabentligt ikke vare saalænge, inden Maallagets VIrken vil vises mere paatageligt for det store Publikum. Dog Ivar Aasen siger i en Sang i "Ervingen": "me ska koma um inkje saa braat"; heri samstemme vel han og Maallagets øvrige Medlemmer.

Kristiania den 3die Febr. 1862
R.
--------

Referansen til denne svært interessante artikkelen har eg frå Oddmund L. Hoel, Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865. Han meiner det kan vere Hans Ross som løyner seg bak signaturen R. (s. 339, note 19).

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Løvland 

Frå Korleis Hans Ross vart maalmann
Etter eit møte i det norske samlaget sat me og godrøa nokre karar og daa fortalde professor Blix soleis: Me var nokre eldre og yngre akademikarar som gjekk her og var maalmenn i sekstiaari og drøymde um aa gjera noko attaat det Ivar Aasen og Vinje dreiv med. Me fann daa paa aa skipa eit lag. Hans Ross som hadde kome heim fraa utlandet og gjekk her med stort skjegg og var Europear, sumtid i knebukser og saag ut som ein engelsk lord, laut vera formann, og me fekk hus hjaa han paa Karl Johan, det var "hovedkvarteret," endaa um me av og til samlast hjaa andre. Laget kalla me "felaget" og valde H. E. Berner til fehirdi. Det var ein lett post, for der var inkje noko fe. Men so var det tvo unge menn som gjorde den bragelovnad, at finge dei laud til filologisk embetseksamen, so skulde dei blota 5 dalar kvar til felaget. Det var dei seinare rektorar Marius Nygaard og Jan Johansen. Jau, dei fekk laud og fehirdin fekk 10 dalar i kassen. Men dette felaget var det fyrste upptaket til Det norske samlaget.

J. L. [= Jørgen Løvland]
-----------
Den 17de Mai 14.10.1920

Kjeldekritisk merknad: Det er ein 72 år gammal mann (Løvland døydde i 1922) som fortel om hendingar som ligg 25 år attende eller meir. Men dette vesle stykket er ei viktig kjelde til utviklinga av landsmålsnettverket i hovudstaden i 1860-åra.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.6.04

Dagbladet 

Enno ei sak kan Klæbo-breva kaste litt lys over: Historia om Dagbladet. Klæbo hadde mykje med redaktøren og Samlags-stiftaren H. E. Berner å gjere, og han skreiv ikkje så lite for bladet. På dette punktet kan breva til Bang supplerast med eit brev frå Klæbo til Henrik Krohn 15.04.1870 (UB Bergen, Ms. 493.a.9).

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Klæbo og Blix 

Elias Blix er nemnd fleire gonger i breva frå John Klæbo til Anton Chr. Bang, mest utførleg og morosamt i brevet eg tidlegare har sitert. Det er datert 1. november 1865, men mykje tyder på at det skulle stått desember. Her kjem nokre andre utdrag:
29.04.1869: Jeg har den Glæde fra selve Udgiveren at sende Dig Salmarne. Jeg ved det vist, denne Bog med samt Dedicationen vil være Dig meget kjær. Du kjender selv Haandskriften og jeg tarv ikke sige Navnet. Forf. er anonym; derfor vilde han ikke skrive “fra E. Blix” eller “venligst”, for at ikke Forholdet til Dig skulde bæres frem udenpaa Bogen; men hans Hilsen til Dig, som Du herved modtager er “venligst”. I norske Folkeskole er trykt enda et Nummer af samme Mand, en Paaskesalme, svært pen. -

19.09.1869: Fra dine Venner kan jeg hilse saa meget. Den 15e var Carl og Hansen hos mig paa et Glas Blanco. Du ved jeg da fyldte mit 30de Aar. Den 16de spiste Blix, Carl Johan, Brun, og gamle Johannesen hos mig.

27.11.1869: Blix læser fremdeles arab. Haandskrifter med Prof. Broch; af og til oversætter han en Salme; og er den samme udmærkede Kar som før. –

16.03.1870, tidlegare sitert.

25.06.1870: Men det er ikke frit for, at det er en liden Misfornøjelse med Fakultetet sneget sig ind hos mig; kanske den med Tiden kunde voxe? Du har vist seet af Aviserne, at der er 300 Spd. opsparet af det nordlandske Legat. Nu staar det i Testamentet, at Renterne skal uddeles til værdige trængende Studenter, dersom der er nogen saadan, og dersom der ingen saadan er, da skal Rent. oplægges til Rejsestipendium. Desuagtet – der har jo hele denne Tid vært nordl. Stud. med Trang – har Colleg. dog gjort denne Opsparing. og ved Du hvad? Gamle Johnson – Dekanus – skal for omtrentlig have sikret Johan Jensen dette Stipendium uagtet Blix for uvilkaarlige Folk maa være saa qvalificeret som nogen. Hvorfor gjør Fakultetet slikt! Med Hensyn til selve denne Oppsparing var Nilsen ivrig stemt paa en Klage til Departem. Det er grejdt nok, at Coll. har snydt os, lige imod Statuterne hos Schytte; men jeg var ikke lysten paa at træde i saa oppositionell Stilling til Universitetets Vedkommende, og dermed er Sagen hvilende. Hr. Pastoren skulde ikke have Lyst til at tale Nordlands og Retfærdighedens Sag? ---

15.12.1870, tidlegare sitert.

19.12.1870: Siden sidst har jeg ikke talt med Blix og jeg saaledes [SIC] ude af Stand at bringe ham din Hilsen.

Utne, 20.08.1872: Er Blix kommen igjen [frå Leipzig]? Har han havt godt Udbytte af Turen?
Dei to lange utdraga er svært interessante. 1. Kvifor var anonymiteten så viktig for Blix da han gav ut Nokre Salmar? 2. Det vart Blix som fekk reisestipend frå Schyttes legat til slutt. Men det må ha halde hardt. Det ligg noko under her som eg ikkje har fått hol på enno. Eg skuldar å gjere merksam på at Klæbo i same brevet fortel at han ikkje lenger kan vente seg "Trangsstipendium" frå det same Schyttes legat; kollegiet meinte vel han hadde halde på lenge nok.

Men Emma nemner Klæbo ikkje med eitt ord.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ulysses 

Epifani: Dublin, den 16. juni 1904
Ja for det har aldri hendt før at han har bedt om frokost på sengen med et par egg siden vi bodde på City Arms Hotel da han lot som han var syk og var ynkelig i stemmen og agerte Hans høyhet for å gjøre seg interessant for den gamle hurpa Mrs Riordan som han trodde han hadde draget på

og så vidare og så vidare, side opp og side ned, utan verken komma eller avsnitt, side opp, side ned, heilt til dette, det attande og siste kapitlet i James Joyces Ulysses, der Molly Bloom ligg i si seng og lar si indre skravle gå, er til endes. Men då, når dette kapitlet er lese, kan ein som lesar kjenne noko av den same tilfredsstilling som eg innbiller meg at ein fjellklatrar kan føle når han endeleg når toppen, for då er er ein nemleg kommen til endes, endeleg, i ein av dei både mest berømte og mest berykta romanane i dette hundreårets litteratur, då har ein verkeleg gjennomført ei litterær lesebragd, då har ein drive med litterær tindebestiging, og då kan ein endeleg, til kjend og ukjend, seie at ein har lese Joyce, Ulysses.
(Jon Fosse, Gnostiske essay, s. 216)
Det er mange mål eg ikkje har nådd i vår, men eitt greidde eg: Å lese Ulysses før den 100. Bloomsday, som kjem i neste veke, 16. juni. Så har eg tetta eitt av dei mange hola i mi klassiske danning.

Eg skal innrømme det: Eg har mange gonger hatt same tilhøvet til boka som ein gjennomsnitts 1800-tals latinskolegut til si motviljug tileigna klassiske danning.

Kortversjon: Mann (med slitent ekteskap) i vens gravøl som utviklar seg til større rangel gjennom Dublin - oppdressa til mytologiske dimensjonar gjennom tekstsamspelet med Homers Odysseen. Og så var det visst eit par andre ting.

Om du ikkje rekk gjennom dei 600 sidene før onsdag, kan du jo lese Jon Fosse sitt 5-siders essay i staden. Han er ein god vegvisar.

Og er du i Oslo, kan du vere med på "Pre-Bloomsday Seminar" på universitetet i morgon.

Send ein kommentar.
# lagt inn 10.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Rom 11,33-36
33 Aa det Djup av Rikdom og Visdom og Kunnskap i Gud! kor uransakelege hans Domar ero, og kor urekkjande hans Vegar!
34 For kven kjende Herrens Hug, elder kven var Raadgivaren hans?
35 Elder kven gav honom nokot fyreaat, so det maatte verta honom vederlagt?
36 For av honom og ved honom og til honom ero alle Ting. Honom vere Æra i all Æva! Amen.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet.
Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.6.04

Svein Urædd 

Fleire gonger i breva til Bang nemner John Klæbo engasjementet sitt i bladet Svein Urædd. Særleg på dette punktet trur eg breva kan kaste nytt lys over ein del av soga om nynorsk skriftkultur. 15.12.1870 omtalar Klæbo sjølv meldinga si av Blix-salmane.
Jeg havde langtifra god Hug til at skrive om Salmerne, men da det udhaledes, og ingen vilde træde i Skranken ligeoverfor et saa vigtigt Arbejde, syntes jeg at skylde Blix dette. Som Du vil se af "Svein", kommer det en Skisse "To Dagar i Nordland" af mig, og dermed lgger jeg Pennen ned i Landsmaals-Litteraturen for lange Tider. Jeg havde nemlig Lyst til selv at se Landsmaalet brugt med en nordlandsk Farve over sig. Kunde hænde, tænkte jeg, at dette kunde smage enkelte Nordlændinger bedre. Sikkert er det, at det almindelige I. Aasenske (vestlandske) Normalsprog aldrig blir hejst[?] i Nordland, det har Ivar (paa Glein) ogsaa sagt. Hvis man skulle slutte sig dertil, saa maatte man mere – paa Grundlag af det opstillede – tage frem sin egen Dialekt, og om jeg engang skulde friste Lykken – jeg har adskilligt Stof ifra Glejn og det omtumlede Liv jeg havde at gjennemleve i Barneaarene – og lægge Haanden paa et større Arbejde, saa vil jeg holde mit til det nordlandske saa meget som muligt, – saa meget ser jeg nu.

Med "Svein" indtræder efter Nytaar en meget stor Omkumpling[?]. Rolvson er allerede dragen til Sunnfjord, og for ikke at Bladet skulde strande, har din gode Ven S. Schjøtt overtaget Redactionen. Ikke nok hermed, ogsaa Navneforandring: "Andvake" er det ny Navn. Og saa skal Maalet renses for alle overflødige stumme Lydtegn, og sterke Fem. baade med i og a, efter Behag. De har naturligvis anmodet mig indstændig om at være med, men jeg har med Henvisning til Theologien paa en høflig Maade afslaaet at være med. Derimod siges Werenskjold og Sars at have sluttet sig til det ny Styre, som og indbefatter Eng og Stud. Holst. (Kanske Du har hørt, at Holst isommer er forl. med den smukke og begavede Frk. Sars, – som det siges til ikke altfor stor Tilfredsstillelse for den aristokratiske Sars-Welhavenske Slægt).
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Klæbo og salmane 

Klæbo sette overlag stor pris på Blix-salmane. Blix fortalde sjølv om dette i 1901:
Deretter maa eg nemna min kjære ven John Klæbo, den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntest gjekk so altfor tidleg burt fraa oss. Han var reint hugteken i desse salmarne; eg hugsar so grant ein dag, eg møtte Vinje, som kom fraa trykkjeriet, der "Dølen" kom ut; han sagde daa med lysande andlit: aa Herre Gud, no skulde du sét Klæbo; han sat ned i trykkjeriet og las paa eit ark av dine salmar og grét av gleda, so taarorne hagla. Sidan skreiv Klæbo ei lengere melding i bladet "Svein Urædd", der det gløder av eldhug og barnleg gleda.
Ei talande stadfesting får vi i Klæbo sitt brev til Bang 16.03.1870. Han fortel om julehelga, hos proprietær Holmsen i Aker:
Anden Juledag var der stort Akerslag hos Holmsen selv; jeg dansede ikke den Dag; jeg var i Virkeligheden saa gjennemtonet af Blix’s Oversættelse: "Stig ned fraa den sjølvgjorde Hægdi, og graat fyr din Frelsar i Lægdi!"
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

John Klæbo 

Det tek til å bli mange bipersonar i Blix-biografien min. Vi får sjå kor mange som får plass til slutt. Men nokre er viktigare enn andre.

I går var eg i arkivet ved Menighetsfakultetet att. Eg har omtala Heggtveit-samlinga tidlegare, og spesielt samlinga med brev frå John Klæbo til Anton Chr. Bang. Den viser seg å vere ei svært viktig kjelde, ikkje berre til Elias Blix' biografi, men òg til målrørsla i Kristiania kring 1870.

Men først og fremst fortel breva (saman med eit par brev til Carl Johan Nielsen, som finst i handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket) ei gripande historie om ein som elles gjerne har blitt nett ein biperson i andres liv. Klæbo må ha vore ein person utan hud, utan noko vern mellom seg sjølv og omverda, ein som bar sanseapparatet og nervane sine utanpå. Han er svært var for stemningar, han er høgt oppe og svært langt nede, og alt fortel han om. Mellom ingrediensane er ei nitrist skildring av einsam studentjul i hovudstaden, vonbroten kjærleik, men òg nær-himmelen-opplevingar knytte til venskap og natur. Det er ei historie om ein som strir - tyngre enn "nordlysa" Blix og Bang - for å kome seg opp og fram her i verda, ein evig student som ikkje greier å nå målet sitt. Særleg gripande er det å følgje det som viser seg å vere ein kamp på liv og død, etter kvart som tuberkulosen snik seg inn og får overtaket. Klæbo er mellom dei unge døde i krinsen av nordnorske klassereisande i hovudstaden. Han døydde av tæring i 1874 i Utne i Hardanger, der han hadde vore sidan sommaren 1871, i eit forsøk på å vinne att helsa.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Rom 11,16-18
16 Men er Fyrstegrøda heilag, so er Deigi det og, og er Roti heilag, so ero Greinerna det og.
17 Men um no sume av Greinom ero avbrotne, og du, som var ein vill Oljekvist, vart innsett imillom deim og vart samhavande i Roti og Feita paa Oljetreet,
18 so rosa deg ikkje imot Greinerna; men um du rosar deg, so er det daa ikkje du, som ber Roti, men det er Roti, som ber deg.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Oliventre-allegorien til Paulus pregar mykje av kapittel 11 i Romarbrevet. Det handlar om tilhøvet mellom jødar og heidningar, eit heilt sentralt tema i brevet. Heidningar som er blitt kristne, er framstilte som "ville olivenkvistar" som vert "pota inn" på "oliventreet" Israel.

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Måndagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 9.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.6.04

7. juni 

Det er 7. juni, eitt år til den store svensk-norske skilsmissefeiringa. Det ser ikkje ut til å vere noka stor mediemerksemd kring unionsoppløysinga i dag.

Men i Vårt Land kan du lese Bjarte Botnens refleksjonar kring spørsmålet "Hvordan feirer man en skilsmisse mellom to nasjoner som senere er blitt så gode venner?" (Det kan vel ikkje vere noko problem? Verda er full av oppløyste par som forsikrar om at dei "framleis er gode vener".)

Og du har jo alltids "forandringsprosjektet" 07-06-05, dei som vil ta tida attende. Dei har noko på gang i dag òg.

Nett no (kl. 08.20) er det til dømes "Folkefrokost" på Strandtorget i Tromsø.
# lagt inn 7.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Paulus 

Rom 11,1-4
1 Eg segjer difyre: Heve Gud daa forkastad sitt Folk? Langt derifraa! for eg er og ein Israelit, av Abrahams Ætt, av Benjamins Stamme.
2 Gud heve ikkje forkastad sitt Folk, som han fyreaat kjende. Elder vita de ikkje, kvat Skrifti segjer um Elias? korleides han stig fram fyre Gud imot Israel, segjande:
3 "Herre! Profetarne dine drap dei, og Altari dine reiv dei ned, og eg vart aaleine atter, og dei standa meg etter Livet."
4 Men kvat segjer det guddomlege Svar til honom? "Eg leivde meg sjau tusund Mann, som ikkje bøygde Kne fyre Ba'al."
5 Soleides er daa og i denne Tid ein Leivning etter Naadens Utveljing vorten atter.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les avsnittet i dagens bibelomsetjing
(Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og klikk på "Nynorsk" i menyen til venstre).
Førre kapitlet.
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 7.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.6.04

Dagens Blix 

Kom, heilag Ande, Himmeltrøyst, / Du Hjartans Von og Vinning!
Kom ned og leid oss med di Røyst, / Med Ljos og Raad og Minning!
Kom til din Kyrkjelyd, / Og Kristus fyr oss tyd!
Lat Livet i ditt Ljos, / Som Elvi til sin Os,
Til Himmerike renna!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 98

Og det var den siste pinsesalmen til Elias Blix.

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.6.04

Lyd 

Eg spelar orgel som ein middels seminarist, og eg har aldri laga ei MIDI-fil. Men her får du første forsøket mitt (med god assistanse frå eldstedottera): Tonen til "Ute og heime".

Høyr tonen.
Høyr arrangementet.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Symposium 

I dag, i morgon og laurdag er det symposium i Oslo. Torleif Elgvin samlar nordiske forskarar som driv med Dødehavstekstane. Samanslutninga ber det høgtidlege namnet Nordic Network for Qumran Studies. Har du tid, kan du høyre George Brooke, den sympatiske britiske eksperten på jødisk bibeltolking i antikken, halde ei open førelesning i dag kl. 13.15-15.00 ved Menighetsfakultetet på Majorstua.

Elias Blix døydde nesten femti år før Dødehavstekstane var funne. Men jødedommen i antikken hadde han god greie på, professor i hebraisk som han var.

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Tonen 

Tonen til "Ute og heime" vart publisert i Norsk Toneblad for februar 1916 (7. årgangen, nr. 2). Bladet vart utgjeve av P. M. Gjærder i Volda, med Erik Eggen (Voss) som redaktør. Det er spesialisten på den nynorske songskatten Terje Aarset som har funne tonen til meg. I bladet heiter det:
Um tonen til "Ute og heime" skriv Ivar Blix til bladstyret:
"Daa eg trur De kann ha hugnad av aa hava denne tonen, som eg lærde av far min til diktet "Ute og heime", og som han fortalde var fraa Nordland, so sender eg han til Tonebladet. Eg har ikkje høyrt tonen nokon annan stad ..."
(Harmoniseringi er gjord av bladstyret)
No smakar ikkje denne tonen mykje av folketone. Tonespråket er enkelt, men tydeleg i ein romantisk kunstmusikalsk tradisjon, sjølv om eg må seie meg samd med Terje Aarset i at det ikkje er nokon stor melodi. Kven kan komponisten vere?

I sine Erindringer skriv Ivar Blix:
Mine minner om far er helst knyttet til sommeroppholdet i Slependen. Der trivdes han, og jeg husker godt vi gikk sammen i skogen og sang. Han var meget glad i musikk og komponerte selv melodi til sine salmer: "I Jesu namn me stemna fram til himmelhamn" og "Hjelp, ja kvar er hjelp å få". Og jeg studerer på om det ikke er ham som satte melodi til diktet "Ute og heime", som jeg engang satte inn i "Norsk Toneblad".
Om Ivar Blix har rett i det, er altså Elias Blix ikkje berre opphavsmann til teksten, men òg til melodien - som straks blir meir interessant dersom det er ein opphavleg einskap mellom tekst og melodi. Men teksten har heldigvis kvalitetar til å overleve melodien.

Eg minner om at Elias Blix hadde med seg ei grunnleggande musikkopplæring frå seminaret.

Høyr tonen.
Høyr arrangementet.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 


----------
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebye, 1900), s. 128-130.
Opphavleg prenta i Den 17de Mai 16.02.1898, s. 1
Tone prenta i Norsk Toneblad 7/2 (februar 1916), s. 9

Heile songen (.pdf-fil)
Høyr tonen.
Høyr arrangementet.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 3.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.6.04

Hjelparane 

Og til liks med Oskeladden finn eg stadig gode hjelparar langs vegen. Dei siste dagane har Per E. Hem (eit stykke ned på sida), som skriv biografien til Jørgen Løvland, og Terje Aarset hjelpt meg med mykje artig materiale. Du skal få høyre meir etter kvart.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Oskeladden 

Eg kjenner meg litt som Oskeladden, som bloggar og biograf samlar eg på mykje rart. Men som kjent, det er utruleg kva ein kan få bruk for.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Alliansen 

Hugin og Munin, Vårt Lands aldri kvilande observatørar til livets og pressas skeive gang, observerte laurdag 29. mai:
Under Vårt Lands representantskapsmøte torsdag benyttet Berge Furre anledningen til å rose den lille gruppe av bilagets journalister som bruker nynorsk. Måtte det bli flere som gjorde det, sa Furre.

Da grep Karl Johan Hallaråker, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, ordet til replikk: "På dette punktet er me to heilt samde!"

Et eksempel på at målsaken skaper helt nye allianser.
Morosamt? Jo, dersom du veit noko om avstanden mellom den konservative pietisten Hallaråker og den radikale grundtvigianaren Furre. Dette er nok ikkje det einaste punktet der dei to er samde, men det verkar ofte slik.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Eskeland 

Den andre kyrkjedobbeltsida i siste Dag og Tid handla om Eskeland-seminaret på Voss 23. mai. Lars Eskeland (1867-1942) var "folkehøgskulemannen som vart katolikk". Han konverterte i 1925, noko som nær hadde kosta Voss Folkehøgskule statsstøtta.

I min snevre samanheng er Eskeland interessant fordi han har skrive det vesle heftet Norsk salmesong: Elias Blix (1904).

Dessutan har eg han mistenkt for å ha arbeidd med ei større Blix-bok på 1920-talet, ei det ikkje vart noko av. Det var nemleg i Eskeland sine etterlatne papir eg fann det store Blix-materialet i Bergen.

Veit nokon der ute meir om dette, er eg svært nyfiken. Det er vel ikkje utelukka at det gåtefulle brevet eg siterte i går (T. Hannaas til H. P. Blix) òg kan ha noko med dette å gjere.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dei ti beste 

Dessutan presenterte Dag og Tid "ei uhøgtidleg rangering av dei beste nynorske salmane" (i Norsk Salmebok). Vinnaren les du her. "Jury" er Liv Ingebrigtsen, Roger Lockertsen og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Samtidig med Dag og Tid si uhøgtidlege kåring av noko så høgtidleg som dei beste salmetekstane, har Morgenbladet hatt ei svært høgtidleg, påkosta og vidt publisert kåring av noko så ... ja, kva for ord skal ein bruke om "dei ti beste unge forfattarane i Noreg"? "Høgtidleg" er i alle fall ikkje ordet til å karakterisere Olaug Nilssen, Mathias Faldbakken (Abu Rasul) eller Carl Frode Tiller ...

Tilfeldig? Neppe!

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Etterslepet 

Eg har eit stort etterslep etter pinsehelga, så eg får prøve å ta att noko. Lat oss begynne med Dag og Tid, som markerte høgtida med heile to dobbeltsider kyrkjestoff, diverre berre i papirutgåva, ikkje på nett.

Den eine tek utgangspunkt i det årlege salmeseminaret i Uranienborg, som i år (24. april) handla om Bernt Støylen. BlixBlog var der. Her finn du mellom anna ein kortversjon av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen sitt oppsummerande innlegg (litt sladder i parentes: Eg møtte Andreas Aarflot i helga. Han arbeider for tida med eit materiale som kastar mykje lys over Bernt Støylens pastoralteologi og kyrkjetenking. Det kjem til å bli eit svært interessant supplement til Støylen-biletet som vart teikna på seminaret).

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kvitsundagen, Kyrkjehagen, / Kyrkjehagen ber Sumarskrud.
Blomarne mange yndeleg Ange, / Yndeleg Ange ber upp til Gud.
Kvitsundagen, Kyrkjehagen, / Kyrkjehagen ber Sumarskrud.

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 97

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 2.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.6.04

Minnesmerket 

I dag er det 125 år sidan Carl Johan Nielsen vart funnen død i Akerselva, 1. juni 1879. Han var meld sakna frå heimen sin i Wergelandsveien alt 1. mai. Litteraturen om Elias Blix nemner ikkje denne tragedien i den næraste venekretsen hans, men sjølvmordet til Nielsen er ope omtala i fleire kjelder.

Carl Johan Nielsen frå Lurøy på Helgelandskysten høyrde til Elias Blix sin aller næraste venekrets. Dei var jamaldringar, begge var fødde i 1836. Nielsen tok eksamen ved seminaret i Tromsø i 1857, det året Blix vikarierte der som lærar, og vart omgangsskolelærar for samisktalande barn i Lyngen. Her hadde han ein markant kollega i kyrkjesongar Hans Bjerke (1796-1876), sunnmøringen som levde heile 40 år som lærar, lensmann og klokkar i Lyngen. Ivar Aasen hadde møtt han på Tromsø-ferda si i 1851, og det kan sjå ut til at Bjerke hadde ei viss interesse for Aasen og det han dreiv med, i det minste ut frå ein lokalpatriotisk synsstad. Men det er vel grunn til å tru at venskapen med Blix spela ei større rolle enn eventuell påverknad frå Bjerke når Nielsen vart aktiv målmann. Han var i alle fall sterkt engasjert i målsaka og sat jamvel i det første styret i Det Norske Samlaget, saman med Blix og Hagbard E. Berner. Nielsen hadde òg nær kontakt med to av dei yngre Tromsø-seminaristane som vart aktive målfolk, søskenbarna Anton Chr. Bang og John Klæbo, som begge delte bustad med Nielsen ei tid.

Det var i august 1859 Nielsen kom til hovudstaden, samtidig med Elias Blix og fleire andre Tromsø-seminaristar. Dei hadde same plan: å ta artium og studere teologi, same problem: økonomien, og same løysing: å arbeide som lærarar for å ha noko å leve av, medan dei studerte så godt dei kunne. Dei kom frå periferien i dobbel forstand, både sosialt og geografisk. Dei ville prøve å arbeide seg oppover i det nye norske klassesamfunnet, i ei tid da færre enn hundre personar årleg avla examen artium – på landsbasis – og godt under ti prosent av dei kom frå bonde- eller arbeidarbakgrunn. Dei var – med eit moderne ord – klassereisande.

Det første året arbeidde Nielsen i allmugeskolen, men deretter fekk han arbeid ved Nissens latin- og realskole, noko som gav større rom for sjølvstudium. Seinare fekk Blix arbeid ved same skolen. Carl Johan Nielsen skulle ikkje berre dele arbeidsplass og interessa for målsaka med Elias Blix, han var òg hans mest trufaste turkamerat på dei talrike fotturane i sommarferiane. Den første vi kjenner til, er den namngjetne 1861-turen gjennom Valdres, Sogn, Hardanger, Voss og Telemark saman med Ole Tobias Olsen, den siste er ein Rondane-tur sommaren 1878.

Fleire har skildra venskapen mellom Blix og Nielsen, og alle har lagt merke til kontrastane. Nielsen var "likso uvyrden som Blix var fin og var," fortel Halvdan Koht. Han gjekk gjerne under namnet "Norges Løve" i studentmiljøet, på grunn av temperamentet sitt og dei kraftige nasjonale sympatiane. Han var ein sterk, for ikkje å seie omsynslaus, debattant, og det var dei som meinte han kunne drive det langt som politikar. A. Chr. Bang har gjeve ei livleg skildring av hans slåande argumentasjon i samband med ein diskusjon mellom seminaristar og frikyrkjelege i Tromsø ein gong på 50-talet:
Saa begyndte man, som sædvanligt, at disputere om Barnedaaben og Statskirken. Paa Lammersianernes Vegne førtes Ordet af en paagaaende og dømmesyg Mand ved Navn Johan A. I. Bomstad, paa Seminaristernes Side optraadte Carl Johan Nielsen, "Norges Løve", som han senere blev kaldt blandt sine Studenter-Kamerater. Han var født Disputator, at disputere var hans Liv, at sætte sin Modstander fast var hans mindste Kunst. Det varede derfor ikke længe, før Argumenterne slap op, og Bomstad havde intet mere at sige; de to Kamphaner røg da løs paa hverandre, og Forhandlingerne om Barnedaaben og Statskirken gik over til et almindeligt Slagsmaal, hvoraf Seminaristerne gik ud som Seierherrer.
(Erindringer s. 98)
Studiet til Nielsen gjekk det ikkje så bra med. Han gjennomførte artium og andre-eksamen, men teologistudiet avslutta han aldri. Han vart gåande som lærar i hovudstaden, sist ved katedralskolen. Han var høgt respektert som lærar, og han var svært aktiv i lærarforeininga i byen og på dei regionale lærarmøta. Men han var ikkje tilfreds. Koht ("Gamle samlagsminne og samlagsmenner", Syn og Segn 12, 1908) fortel at han søkte "fyrvaktarpostar og slike umbod," Wiik at han søkte skoleinspektørposten i Tromsø (1874), men han fekk ingen av desse stillingane. Av eit brev frå søstera Jonella B. Willichsen (dagsett 7. januar 1879) går det fram at han var svært deprimert. Yngvar Nielsen er den som har gått lengst i å spekulere i årsaker:
Der gik da store Ord om disse flinke Nordlændinger, som kunde bryde sig selv Vei. Saa blev det som en Selvfølge, at alle Nordlændinger skulde forudsættes at være ligesaa f1inke og ligesaa store Lys, som Blix og nogle Aar senere Bang. Dette blev vistnok Carl Johan Nielsens Ulykke. Han var med store Forventninger om sin egen Fremtid kommen til Universitetet. Han var en snil og hyggelig Mand. Men det var ikke nok. Der var noget, han manglede, og det var ikke alene Dygtigheden, men kanske ogsaa Energien.

Livet bød ham ikke senere, hvad han havde ventet. Han fik aldrig Embedsexamen og sled sig igjennem som Timelærer paa Nissens Skole. Hans gamle Kamerater steg høit opad i Samfundet, medens han trods sin Selvbevidsthed laa efter. Han gjorde Indtryk af at være en modig, freidig Natur og kaldtes gjerne Norges Løve. Tilsidst blev det ham alligevel for trykkende her i Livet, og han fortrak fra Skuepladsen. Men der var mange, som bedrøvedes, da Budskabet kom om, at han ikke mere var i de Levendes Tal. Imidlertid blev det forstaaet, hvor skuffet han maa have været, og dette forøgede Smerten hos hans nære Venner. Ganske vist hørte ikke jeg med til dem. Men der var over Manden noget sympatisk, som jeg altid syntes godt om, og jeg mente nu som saa, at han vel ogsaa maatte kunne have fundet sin Plads og sin Gjerning i Livet.

Det var en deilig Sommeraften, som jeg reiste opover Fjorden og ombord paa Dampskibet traf Statsraad R. T. Nissen. "Har De hørt det," sagde han – "Norges Løve er vandret heden." Siden sad vi sammen og talte om den Afdøde. Jeg ser ham altid siden i den samme Stemning.

Men jeg har ogsaa et andet Billede af ham. Det var i 1878 paa den Aaret i Forveien aabnede Jernbane til Trondhjem. Munter og glad sad han paa den haarde Træbrenk i en tredie Klasses Kupé og stevnede sammen med sin Ven Blix opad mod Fjeldet. Ved Atna steg de ud og vandrede saa siden indover Vidderne mod Rondane. Livet laa foran den ungdommelige Norges Løve, som om dets Hindringer ikke var værre end de, der bød sig frem oppe ved Atnsjøen. Men hvad det siden var, som egentlig knækkede, ja knuste den livslystne unge Mand, det er af de tungt løste Gaader. Aarsagerne har vel ligget dybt inde og kan være meget vanskelige at udgrunde, selv for den, som maatte have kjendt ham bedst.
(En Christianiensers Erindringer s. 214-216)
Og eg kan jo ikkje unngå å leggje merke til at katastrofen i Nielsens liv fell saman i tid med utnemninga av Elias Blix til professor – kan hende det mest synlege symbolet på hans suksess. Saman utgjer dei to, Blix og Nielsen, ein talande illustrasjon av tap og vinning mellom klassereisande bondeungdom i siste halvdel av 1800-talet.

Eg står i fare for å redusere Carl Johan Nielsen til ein biperson i forteljinga om Elias Blix. Det er å gjere han urett. Kostnadene ved dei perifere kreftenes erobring av sentrum var store, og nokre fall altså på slagmarka. Carl Johan Nielsen fortener sanneleg eit minnesmerke, og han har fått eit, reist av Arne Garborg. Diktet vart første gongen prenta i Fedraheimen. Eg har fleire referansar i hovudet når eg les det, men særleg nær ligg Halldis Moren Vesaas' "Karin Boye funnen død" (1941).
Minnekvæde
(yvi Nordlendingen Karl Johan Nilsen).

Med alle sine gode Venir / han stod nok eine paa Jord.
Aaleine som bøygde Villbjørk / paa Fjellmoen vid og stor.
Og Skyine dreiv upp-yvi, / og det lo i den svarte Tjørn;
men rundt paa aude Viddir / gjekk Rev og raggut Bjørn.

Som straalande Dogg i Soli / hans Tankar glitra og lo.
I stride, ruskande Stormar / han skok seg og skalv, men stod.
Visst ofte han fælin klora / etter Feste paa Kollen graa
og bøygde seg tungt i Stormen, / um ingin slikt kunde sjaa.

Men gjenom farande Tidir / bryt Stormen seg større Veg.
Og i dei lange Nætar / paa Røtane Frosten gneg.
Og fyrr det nokon tenkjer / glid Bjørki av Kollen stilt
og sig med Sukk gjenom Greinir / i Djuve djupt og villt.

Det er ei Kvardags Sogu, / men ho gjeng med mykin Graat.
Ho gjeng som Dynjing um Strendar, / som Sus i Natti vaat.
Det er ei Kvardags Sogu, / tidt høyrd i By og Grend;
men Livsens djupe Jammer / stig syrgjeleg fram i den.
(Frå Kvæde, Skriftir i Samling 6, 318-319)
Tilføying, same ettermiddag: Eg har to uoppklara spørsmål knytte til Carl Johan Nielsen, og eg vågar å stille dei her etter dette straumbrevet (høgnorsk for e-post) frå Per Halse:
Eg undrar meg elles om det kan ligge noko spennande bak det vesle brevkortet frå Nikka Vonen som ligg mellom Blix-papira. Ho var jamaldring, gjekk på Nissens i 60-åra; delte både landsmåls- og fjellinteressa. Men dersom der ikkje finst spor i andre kjelder, er sjølvsagt den korte meldinga i tynnaste laget til å dikte noko slags kjærleikshistorie på ...
Vi kan i det minste sitere. Det handlar om det trykte visittkortet til Nikka Vonen, med følgjande handskrivne tekst, men utan årstal:
[N. V.] sender Herr C. J. Nielsen sin bedste Hilsen med Tak for det tiltænkte Besøg, og beklager Fraværelsen samt beder at Besøget maa gjentages, hvis det er muligt, men helst før Midten af Juli eller efter 22de August.
Eit anna gåtefullt aktstykke frå same samlinga ("Papirer vedkommende Carl Johan Nielsen" i Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevsamling nr. 407, Brev til Elias Blix) er dette brevet frå professor Torleiv Hannaas i Bergen til sorenskrivar Hans Peter Blix:
Bjørgvin, 26.9.1928.

Herr sorenskrivar H. P. Blix!

Etter den rettingi De sende, gjekk det ut det at Carl Johan Nielsen gjekk ikring og greidde små-skuldi si siste dagen han livde.
Skulde det ut?
Beste helsing
Dykkar
Torleiv Hannaas.
Det kan sjå ut til at Hannaas arbeidde med ein tekst der han nemner dødsfallet til Nielsen. Men verken Per eller eg har greidd å identifisere nokon slik tekst. Finst det nokon der ute (i Bergen, til dømes) som kan hjelpe oss?

Send ein kommentar.
# lagt inn 1.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Kved upp, Guds Folk, syng høgt i Kor! / No er det Kvitsunhelg paa Jord,
Guds Ande kjem med heilag Glod. / Kved upp, Guds Folk, med Helgaljod!

-----------
E. Blix, Nokre Salmar (4. utgåva; Kristiania: Samlaget, 1891) nr. 96

Heile salmen (.pdf-fil)
Førre utgåva (1883)
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.6.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?