<$BlogRSDUrl$>

19.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 3,1-8
Men der var ein Mann av Farisæarom, som heitte Nikodemus, ein Raadsherre fyre Jødom.
2 Denne kom til Jesus um Natti og sagde til honom: "Meister, me vita, at du er ein Lærar, som er komen fraa Gud; for ingen kann gjera dei Teikn, som du gjerer, utan Gud er med honom.
3 Jesus svarade og sagde til honom: "Sannelege, sannelege segjer eg deg: Utan at ein vert fødd paa nytt, kann han ikkje sjaa Guds Rike".
4 Nikodemus segjer til honom: "Korleides kann ei Menneskja, som er gamall, verta fødd? Kann ho andre Gongen koma inn i Moders Liv og verta fødd?"
5 Jesus svarade: "Sannelege, sannelege segjer eg deg: Utan at ein vert fødd av Vatn og Ande, kann han ikkje koma inn i Guds Rike;
6 Det, som er født av Kjøtet, er Kjøt, og det, som er født av Anden, er Ande.
7 Undrast ikkje paa, at eg sagde til deg: De maa verta fødde paa nytt;
8 Vinden blæs, kvar han vil, og du høyrer Ljoden av honom; men du veit ikkje, kvar han kjem ifraa, og kvar han fer av; so er det med kvar den, som er fødd av Anden".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?