<$BlogRSDUrl$>

31.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 5,1-9
Deretter var det ei Høgtid til Jødarne, og Jesus gjekk upp til Jerusalem.
2 Men i Jerusalem ved Saudeporten er det ein Dam, som paa Hebraisk heiter Bethesda og heve fem Svalgangar.
3 I deim laag der ei stor Mengd med sjuke: blinde, halte, visne, som ventade paa, at Vatnet skulde verta rørt.
4 For ein Engel for til visse Tider ned i Dammen og rørde upp Vatnet, og den, som daa steig fyrst ned, etter at Vatnet var rørt, han vart frisk, kvat Sjukdom han so leid av.
5 Men det var ei Menneskja der, som hadde voret sjuk i aatte og tretti Aar.
6 Daa Jesus saag denne liggjande der og visste, at han alt hadde voret sjuk i lang Tid, sagde han til honom: "Vil du verta frisk?"
7 Den sjuke svarade honom: "Herre, eg heve ingi Menneskja, som kann kasta meg i Dammen, naar Vatnet vert rørt; men med det same eg kjem, stig ein annan ned fyre meg".
8 Jesus sagde til honom: "Statt upp, tak Sengi di og gakk!"
9 Og strakst vart Mannen frisk og tok Sengi og gjekk; men det var Kviledag den Dagen.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 31.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,46-54
46 Jesus kom daa atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort Vatnet til Vin. Og der var ein Kongsmann, og Son hans laag sjuk i Kapernaum.
47 Daa denne høyrde, at Jesus kom fraa Judæa til Galilæa, gjekk han til honom og bad honom koma ned og lækja Son hans; for han laag fyre Dauden.
48 Jesus sagde daa til honom: "Utan de sjaa Teikn og Under, tru de ikkje".
49 Kongsmannen sagde til honom: Herre, kom ned, fyrr Barnet mitt døyr!"
50 Jesus sagde til honom: "Gakk, Son din liver"; og Mannen trudde det Ord, som Jesus sagde til honom, og gjekk.
51 Men medan han endaa var paa Vegen nedetter, møtte hans Tenarar honom og forkynte og sagde: "Son din liver".
52 Han spurde deim daa ut um Timen, daa det vart betre med honom; og dei sagde til honom: "I Gaar den sjaunde Timen slepte Sotti honom.
53 Daa visste Faderen, at det var den same Timen, daa Jesus hadde sagt til honom: "Son din liver". Og han trudde sjølv og heile hans Hus.
54 Dette andre Teiknet gjorde Jesus atter, daa han var komen fraa Judæa til Galilæa.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 30.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.8.04

Kyrkjeveg 

Tangenelva
Går du til fots frå Vågsenteret i Ytre Enebakk og til Mari kyrkje via gangbrua over Tangenelva, blir du møtt av denne åtvaringa. Det kan ha sine grunnar.
# lagt inn 29.8.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,39-42
39 Men mange av Samaritanom fraa den Byen trudde paa honom fyre det, som Kvinna talade, daa ho vitnade: "Han sagde meg alt det, som eg heve gjort".
40 Daa no Samaritanarne kom til honom, bad dei honom drygja hjaa deim; og han drygde der tvo Dagar.
41 Og mange fleire trudde fyre hans Ords Skuld.
42 Og dei sagde til Kvinna: "No tru me ikkje lenger fyre din Tale Skuld; for me hava sjølve høyrt og vita, at denne i Sanning er Frelsaren fyre Verdi, Kristus.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 27.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.8.04

KRL-disputas 

I morgon er det disputas ved Menighetsfakultetet, der eg for tida tener til livsopphald og skrivarverksemd. Det hender frå tid til annan. Det spesielle denne gongen er at det ikkje er ein teolog, men ein pedagog som forsvarer avhandlinga si: Sidsel Lied ved Høgskolen i Hedmark. Avhandlinga handlar om KRL-faget i møte med den fleirkulturelle norske skolestova. Slik vert avhandlinga presentert på heimesida til Høgskolen i Hedmark:
Sidsel Lieds avhandling har tittelen: ”Elever og tolkningsprularitet [SIC] i KRL-faget - Mellomtrinnselever i møte med fortellinger fra ulike religioner og livssyn”

Hun fulgte to klasser i Mjøsområdet over halvannet år. I dette arbeidet samlet hun inn tekster og tegninger de skrev, og analyserte dette. Lied valgte ut fire hovedinformanter blant disse elevene, og dette er materialet som ligger til grunn for forskningsarbeidet. I sin avhandling diskuterer hun både med elevene og deres tegninger/tekster og tidligere publisert forskning.

De fire hovedinformantene er elever med ulik bakgrunn for sine livstolkninger: To har kristen bakgrunn, men er i ulik dialog med bakgrunnen sin. En av elevene har islamsk bakgrunn og en har ateistisk bakgrunn.

Lied har undersøkt hvordan de bruker fortellingene de møter i KRL-faget når de jobber med selvforståelse, og når de skal finne ut hvor de selv står i forhold til religion og livssyn. Hun har funnet at når elevene møter religions- og livssynsmangfoldet i KRL-faget, skaper det bevissthet og toleranse mer enn forvirring.
Vel, "lariteten" i tittelen heiter "tolkningspluralitet" i mitt eksemplar. Kva dette har med Elias Blix å gjere? Ikkje så lite. Elias Blix var deltakar i den begynnande sekulariseringa av skolen, overgangen frå kyrkjeskole til kunnskapsskole. Han opplevde skolereformen i 1860 (som mellom anna førte med seg ei lesebok med "sekulære" stykke, rett nok redigert av ein prest) med tilslutning, og han sette sjølv som statsråd ned den skolekommisjonen som førte prosessen vidare på 1880-talet. Samstundes leverte han, gjennom salmedikting og bibelomsetjing, sterke bidrag til ei brei "trusopplæring" i den norske kyrkja.

I den dels sekulære, dels fleirreligiøse kultur- og skolesituasjonen i Noreg er det nokre som drøymer seg attende til tida da ein pugga Blix-salmar og anna trygt felleskulturelt stoff i skolen. Men det er ikkje sikkert at det er den einaste inspirasjonen Blix har å gje i dagens situasjon, og heller ikkje den viktigaste. Han var trygg i trua og teologien, og solid i formidlinga. Men han var ikkje redd for nye tankar og nye tider, det eg kan sjå. Kan hende går det ei line frå Elias Blix til Sidsel Lied? I alle fall går det ei frå skolelova av 1860 og til reformane ved inngangen til det 21. hundreåret.

Les meir.
# lagt inn 26.8.04 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,25-26
25 Kvinna segjer til honom: "Eg veit, at Messias kjem (som vert kallad Kristus), naar han kjem, skal han forkynna oss alle Ting".
26 Jesus segjer til henne: "Eg, som talar med deg, eg er han".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 26.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.8.04

Blix i Molde 

Eg får følgje opp mi tidlegare støtteerklæring til parolen "Blix Not Bombs", og melde at Hans Blix nett har halde opningsføredraget under Bjørnsonfestivalen i Molde. Kva han har sagt, veit eg ikkje i skrivande stund (kl. 19.30).

Nei, Hans er IKKJE ein slektning av Elias Blix. Som eg før har gjort greie for: Elias Blix er ikkje av noka Blix-ætt.
# lagt inn 25.8.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,13-14
13 Jesus svarade og sagde til henne: "Kvar den, som drikk av dette Vatnet, skal verta tyrst atter;
14 men den, som drikk av det Vatnet, som eg vil giva honom, skal i all Æva ikkje verta tyrst; men det Vatnet, som eg vil giva honom, skal i honom verta ei Kjelda med Vatn, som vell til ævelegt Liv"
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 25.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.8.04

Samiske røter 

Det får vere nok datapreik for i dag. Det er jo Elias Blix og biografien hans det skal handle om.

Eg har fuska noko i slektsforskarfaget i det siste. Eit av funna interesserer meg. Det er med Elias Blix som med mange andre av oss som er fødde i Nord-Noreg: Han hadde eit samisk element i slektsbakgrunnen sin som han ikkje visste om.

Funnet er ikkje nytt, Øystein Ringaker har publisert det alt i 1986, i artikkelen "Farsslekta til Elias Blix," Gildeskålboka 6, s. 30-32. Kortversjon: Farsslekta til Elias Blix kom frå garden Breivik ved Beiarfjorden. Den første oppsitjaren vi kjenner namnet til, Olle Brevigen, sannsynlegvis tipp-tipp-tipp-tippoldefar til Elias Blix, høyrde til den gamle sjøsamiske busetjinga i Beiarn og betalte "finneskatt" i 1636/37.

Ingen har gjort noko poeng av dette funnet i dei 18 åra som er gått sidan den første publikasjonen til Ringaker, så lat meg prøve.

Er dette eigentleg viktig? Frå ein synsvinkel, nei: Ein kan ikkje hevde at denne bakgrunnen skulle spele noka rolle for identitetsdanninga eller psykologien til Elias Blix. Essensialistiske tankar om etnisitet, spekulasjonar om "folkekarakter" og tvilsame "folkepsykologiske" teoriar, har det vore mange av gjennom historia. Spora skremmer, jamvel i vårt eige land, og rasismen ligg nær.

Elias Blix sjølv har aldri visst om denne samiske bakgrunnen, så dette er ikkje noko han har "fortrengt" eller bore som ein "løyndom". Sjøsamane i Beiarn ser ut til å ha vore assimilerte alt tidleg på 1700-talet. Det finst eit anna samisk element i folkesetnaden i Beiarn, "skoglappane" som busette seg i marka noko seinare, men dei har ei anna historie.

Men i eit større historisk perspektiv er funnet viktig. Det handlar om den systematiske usynleggjeringa av det samiske i norsk, og særleg nordnorsk, historie. Eg har reflektert over dette fleire gonger alt her på bloggen. Noko av det første eg oppdaga da eg tok til med primærkjelder, var at Elias Blix lærte seg samisk språk på lærarseminaret i Tromsø, ein institusjon som hadde som ei sentral oppgåve å utdanne lærarar til strøk der samisk språk og kultur stod sterkt. Men ingen av dei som har skrive om Elias Blix tidlegare, har funne grunn til å nemne dette med eit einaste ord. Heller ikkje har dei nemnt at kyrkjeminister Elias Blix faktisk var politisk ansvarleg for det norske storsamfunnets kultur-, skole- og kyrkjepolitikk andsynes den samiske minoriteten gjennom halve 1880-talet.

Av livshistoria til Elias Blix prøver eg å lage meg eit par briller som kan gje skarpare innsikt i det norske samfunnet som voks fram i løpet av 1800-talet. I den samanhengen vert det samiske elementet viktig.
# lagt inn 24.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Søk 

Endringane i vevloggen har nokre kostnader, dessverre. Etter kvart får eg for mange sider til å vere gratispassasjer hos Atomz, som leverer "Søk"-funksjonen. Eg må nok finne meg ein ny. Det ligg eit "Search"-felt øvst i BlixBlog-skjermbiletet, men Google sin "SiteSearch"-funksjon er ikkje like god. Inntil vidare er altså ikkje "Søk"-funksjonen heilt å stole på.
# lagt inn 24.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar 

Eg eksperimenterer med nye Blogger-verktøy (skal lesast: nye for meg) som gjev eventuelle lesarar høve til å kommentere innlegg på vevloggen. Denne meldinga er her helst for å sjå om dei verkar. Dei gjer det med den nyare Windows-maskinen, men ikkje med den eldre Macintoshen i huset. Det har vel helst med programvareversjonar å gjere, tenkjer eg.

Om du no skulle finne på å klikke på peikaren Skriv ein kommentar, kjem du til ei side med tittelen "Comment Sign In". Du treng ikkje bry deg om det som står der om brukarnamn, passord og innlogging, berre bruk peikaren "Or post anonymously" som står med lita skrift litt nede på sida. Dette er eit triks leverandøren brukar for å skaffe seg nye kundar.

Du må gjerne signere kommentaren din; da må du altså skrive namnet (eller oppnamnet) ditt sjølv i kommentarteksten. Og du har framleis høve til å sende meg kommentarar på e-post; adressa finn du på toppen av sida.

# lagt inn 24.8.04 4 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 4,5-10
5 So kom han til ein By i Samaria, som var kallad Sikar, nær ved det Landstykket, som Jakob gav Josef, Son sin.
6 Men der var Jakobs Brunn. Daa so Jesus var trøytt av Ferdi, so sette han seg ned ved Brunnen. Det var umkring den sette Timen.
7 Daa kom ei Kvinna fraa Samaria og skulde draga upp Vatn. Jesus sagde til henne: "Giv meg aa drikka!"
8 For hans Læresveinar hadde gjenget til Byen aa kaupa Mat.
9 Den samaritanske Kvinna sagde daa til honom: "Kor kann du, som er Jøde, beda um Drikka av meg, som er ei samaritansk Kvinna?" For Jødarne hava ikkje Samkvæme med Samaritanar.
10 Jesus svarade og sagde til henne: "Dersom du kjende Guds Gaava og visste, kven det er, som segjer til deg: Giv meg aa drikka, so vilde du beda honom, og han skulde giva deg livande Vatn."
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 24.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 3,26-30
26 Og dei kom til Johannes og sagde til honom: "Rabbi, han, som var hjaa deg paa hi Sida aat Jordan, han, som du vitnade um, sjaa, han døyper, og alle koma til honom."
27 Johannes svarade og sagde: "Ei Menneskja kann ingen Ting taka, utan det vert gjevet henne fraa Himmelen.
28 De ero sjølve mine Vitne paa, at eg sagde: Eg er ikkje Kristus, men eg er send fyre honom.
29 Den, som heve Brudi, er Brudgum; men Venen til Brudgumen, som stend og høyrer honom, gled seg storlege ved Røysti til Brudgumen; denne Gleda mi heve dermed vortet fullkomi.
30 Han maa veksa, men eg maa minka.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Heile kapitlet.
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
# lagt inn 23.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.8.04

Liv og draum 

Lanseringa av Mitt liv var draum, biografien Knut Olav Åmås har skrive om Olav H. Hauge, har fått mykje merksemd i veka som gjekk. Mykje skuldast god marknadsføring. Men det er ikkje berre det tunge PR-apparatet som gjer det interessant å samanlikne denne biografien med Hamsun-bøkene til Ingar Sletten Kolloen (på Gyldendal, den første kom i fjor, den andre kjem seinare i haust). Confessio: Eg har ikkje lese verken den eine eller den andre. Enno. Men det må eg få gjort. Som nykommar i biografifaget er eg nyfiken på korleis to røynde og reflekterte utøvarar som Kolloen og Åmås løyser oppgåva. Det gjer dei på heilt ulike måtar.

Det prinsipielle utgangspunktet til Åmås kjem til dømes fram i presentasjonen av boka i Dag og Tid:
Knut Olav Åmås såg potensialet i biografi-sjangeren; som forskingsprosjekt og formidlinga av ei menneskeleg historie.

– Men eg hadde ikkje tenkt over problema med å skriva ei forteljing om eit stilleståande liv som er fattig på ytre hendingar. Det tok ei stund før eg skjøna at det måtte vera eit strålande humanistisk prosjekt å skriva om eit liv som er ganske alminneleg, bortsett frå den alvorlege sjukdommen og den litterære suksessen, seier Åmås. Og understrekar at å skriva biografi er først og fremst å forhalda seg til skriftlege kjelder.
Og i same avis:
– I boka forklarar eg ikkje noko som helst. Forklaringar er irrelevante. Heile boka byggjer på at eg vil visa samanhengar og fenomen og trekkja liner – i trua på at alt som er viktig, finst på overflata. Eg trur på å oppnå forståing gjennom å sjå samanhengar og å analysera liner og kontekstar. Slik sett er det ein spesiell biografi. Eg synest ikkje det er ei verdig innstilling å tru at ein kan koma med forklaringar på verken eit heilt liv eller delar av det ...
Løysinga Åmås har landa på, er denne (ifølgje presentasjonen i Morgenbladet):
Knut Olav Åmås’ Hauge-biografi bryter med leserforventningene på to minst måter: For det første ved ikke å fokusere på «avsløringer» – i motsetning til en viss Hamsun-biograf. For det andre ved å inkludere et «biografi-manifest» som verket selv nødvendigvis vil bli målt opp mot.
– Jeg har forsøkt å skrive det Stephen Walton kaller en «modernistisk» biografi, en biografi som viser frem og reflekterer over sjangerens fallgruver, kommenterer biografen.
– Jeg har hatt mye nytte av Marianne Egelands studie av biografisjangeren, som jeg selv i sin tid var redaktør for. Men jeg deler ikke hennes pessimisme på sjangerens vegne. På bokens siste 60 sider forsøker jeg å formulere et konstruktivt program for biografien som kjerneprosjekt i humanistiske fag.
En av Egelands innvendinger mot biografisjangeren er at den langt på vei er overtatt av skjønnlitterære forfattere. Åmås ønsker å dra biografien i motsatt retning – bort fra det fiksjonelle, mot den kjølige vitenskap. Derfor er også Mitt liv var draum fortalt i en nøktern, saklig tone, og noteapparatet strekker seg symptomatisk over nesten hundre sider.
– Etter mitt syn er idéhistorie og historie de fagene som best kan videreutvikle biografisjangeren, ikke litteraturvitenskapen, sier Åmås, og understreker:
– Boken har ingen ambisjoner om å «kaste nytt lys» over Hauges verk. Tvert imot: Jeg vil vise at en dikterbiografis legitimitet ikke ligger i et slikt forsett. Det å legge frem en vitenskapelig fremstilling av et enkeltmenneskes liv har bestandig egenverdi.
Det ligg eit heilt menneskesyn, ein eksistensfilosofisk antropologi, bak vala til Knut Olav Åmås. Ja, "val" ser i det heile ut til å vere eit nøkkelord:
Når Åmås betegner Mitt liv var draum som en «eksistensialistisk» biografi, er det blant annet fordi han hele veien – i likhet med Hauge selv, i dagbøkene – betoner at mennesket er arkitekt for sitt eget liv, fra første til siste minutt: «Valet var støtt hans eige, aldri nokon annans; aldri for tidleg, aldri for seint, berre alltid mogleg. Det er mange fakta i verda ein ikkje kan endra, men ein kan endra blikket ein har på verda. Den lukkeleges verd er ei anna enn den ulukkeleges verd, skriv Wittgenstein. Lukke er eit val. Olav H. Hauge las liv i sitt liv; det gode liv var det beste av dei som var moglege for han.»
(Morgenbladet)
Meldingane av boka så langt tyder på at vi kan få ein interessant biografidebatt med utgangspunkt i Hauge-boka til Åmås. Ytterpunkta må vere Torunn Borge si overstrøymande positive melding i Dagsavisen og Atle Christiansen sitt slakt (det er det einaste ordet som duger) i Dag og Tid. Den siste meldinga er ikkje lagt ut på nett, så eg gjev til beste nokre sitat. Det tek til alt med ingressen:
Knut Olav Åmås har gjort det lett for seg sjølv og vanskeleg for lesaren. Den nye biografien om Olav H. Hauge er blitt ein koloss der kjeldene plaprar ustanseleg mens Åmås knapt seier noe på over 700 sider.
---
Åmås vil vere open og gripe alt og grip derfor ingenting.
---
Han ønskjer også å føre ei neddempa og open forteljarstemme, skriv han. Og ganske snart blir det tydeleg at dette er ein biografi som knapt har eigne karakteristikkar av objektet sitt, med ei forteljarstemme som er spak og ikkje prioriterer, hierarkiserer eller fortolkar kjeldene sine i nemneverdig grad.
---
Når Åmås vel å la mange kjelder spele seg ut mot einannan utan å samanfatte, avgrense og fortolke klart og tydeleg, har han jo ikkje noe perspektiv på saka, anna enn det vage omrisset kjeldene bidrar med. Dermed forsømmer han seg som forfattar, for jamvel om det innimellom kan vere rett å vise fram i staden for å fortelje og kommentere, så handlar tekstskriving om å snøre inn eit stoff. Å skrive er å velje bort og avgrense.
Og det er meir av same slag.

Her handlar det i høg grad om prinsipiell usemje, om ulike syn på kva ein biografi skal vere. Christiansen er tydeleg usamd med programmet til Åmås. Borge, på si side er positiv:
Noen kunne kanskje innvende at Åmås i for stor grad lar kildene tale for seg selv, at han som biograf ikke er sterkt nok til stede. Etter min mening er ikke dette en valid innvending. Tvert imot gir denne rike kildeveven troverdighet til Åmås' kommentarer og drøftinger, men først og fremst legger spillet mellom kildene for dagen det motsetningsfylte også mellom Hauges syn på seg selv og omverdenens reaksjoner.
Også Eldrid Lunden (Morgenbladet) og Øystein Rottem (Dagbladet) gjev i hovudsak sympatiske lesingar både av programmet og gjennomføringa.

Lesingane til Ingunn Økland (Aftenposten) og Tom Egil Hverven (NRK) forsøker begge å måle Åmås med hans eigne mål. Resultatet er kritisk, men meir balansert enn hos Christiansen. Hverven: "Han flytter merkesteiner ved å skrive en biografi som utvider kunnskapen om mennesket. Intet mindre. --- Men god fortelling er boka likevel ikke." Økland: "Det er et ambisiøst forsøk som kaller på oppmerksomhet. Derfor er det synd at "Mitt liv var draum" viser seg ikke å fungere godt nok, ja at den blir stående som en uforløst mastodont uten tydelig særpreg eller retning." Ja, at boka er for lang, er visst dei fleste samde om. Begge desse meldarane har elles kritiske innvendingar mot "Åmås' eksistensfilosofiske utlegning av Hauges liv". No trur eg nok Åmås har ei eksistensfilosofisk tilnærming ikkje berre til Olav H. Hauge, men til livet og tilværet generelt. Derfor finn eg ikkje denne kritikken heilt råkande; det må vel tvert om vere på dette punktet at "særpreg," "retning" og "perspektiv" er på det tydelegaste?

Det skal bli spennande å følgje debatten, og ikkje minst: Å lese boka. Men for i dag kan det høve å slutte med å gje att følgjande dementi (saksa frå Aftenposten):
"Vi kom i skade for å skrive feil tittel på Knut Olav Åmås' biografi om Olav H. Hauge i gårsdagens avis. "Mitt liv var dram", ble den hetende i en reportasje." Åmås skrev selv den korte rettelsen i Dagbladet, da en veldig viktig u hadde forsvunnet. "Forfatteren Hauges liv var av det atskillig tørrere slaget innimellom 5000 bøker i hyllene i Ulvik. Inntil det motsatte er bevist, insisterer Åmås på å beholde den opphavlige boktittelen, "Mitt liv var draum".
Meldingar: Presentasjonar av biografien, intervju med forfattaren, kommentarar: Dei som berre ville fortelje kven dei fekk ete frukost i lag med på Theatercaféen, fekk ikkje vere med. Eg gjer unnatak for verstingen: Turid Larsen i Dagsavisen 19.08.2004.

Forlaget sin presentasjon.
Meir om Mitt liv var draum (06.09.2004).
# lagt inn 22.8.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 3,16
For so elskade Gud Verdi, at han gav sin Son, den einborne, at kvar den, som trur paa honom, ikkje skal verta fortjonad, men hava ævelegt Liv.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 20.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 3,1-8
Men der var ein Mann av Farisæarom, som heitte Nikodemus, ein Raadsherre fyre Jødom.
2 Denne kom til Jesus um Natti og sagde til honom: "Meister, me vita, at du er ein Lærar, som er komen fraa Gud; for ingen kann gjera dei Teikn, som du gjerer, utan Gud er med honom.
3 Jesus svarade og sagde til honom: "Sannelege, sannelege segjer eg deg: Utan at ein vert fødd paa nytt, kann han ikkje sjaa Guds Rike".
4 Nikodemus segjer til honom: "Korleides kann ei Menneskja, som er gamall, verta fødd? Kann ho andre Gongen koma inn i Moders Liv og verta fødd?"
5 Jesus svarade: "Sannelege, sannelege segjer eg deg: Utan at ein vert fødd av Vatn og Ande, kann han ikkje koma inn i Guds Rike;
6 Det, som er født av Kjøtet, er Kjøt, og det, som er født av Anden, er Ande.
7 Undrast ikkje paa, at eg sagde til deg: De maa verta fødde paa nytt;
8 Vinden blæs, kvar han vil, og du høyrer Ljoden av honom; men du veit ikkje, kvar han kjem ifraa, og kvar han fer av; so er det med kvar den, som er fødd av Anden".
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 19.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.8.04

Romandebut 

Og i Vårt Land kan du finne ein presentasjon av romandebutanten Laura Djupvik:
Djupvik knytter en ung kvinnes hjemkomst til barndomshjemmet opp mot eksistensielle spørsmål rundt tomhet, død og forandring av det man savner og ønsker skulle vært uforandret. Samlaget mener debutantens roman kan minne litt om Vesaas.
Les meir.
# lagt inn 18.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Hauge-biografi 

- Ingen biografi kan fortelle hele sannheten om et liv, sier Knut Olav Åmås om sin biografi av poeten Olav H. Hauge, "Mitt liv var draum". - Jeg kan bare fortelle min versjon av sannheten, ut fra materialet jeg har hatt og slik som jeg forstår livet hans og forfatterskapet.

Les og lytt påNRK.no
# lagt inn 18.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Haustliste 2 

I går nemnde eg at Det Norske Samlaget la fram haustlista si. Her finn du forlaget si eiga melding.
# lagt inn 18.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 2,14-16
14 Og han fann i Templet deim, som selde Uksar og Sauder og Duvor, og Vekslararne sitjande der.
15 Og han gjorde ei Svipa av Snøre og dreiv deim alle ut or Templet, baade Sauderne og Uksarne, og han spillte Pengarne fyre Vekslarom og velte Bordi.
16 Og til deim, som selde Duvor, sagde han: "Take desse Ting her i fraa! gjere ikkje min Faders Hus til ei Krambud!"
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Heile kapitlet.
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 18.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.8.04

Frå rovdyrfronten 

Ulv sender tekstmeldinger.
Les meir i Nationen.
# lagt inn 17.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Haustliste 

NRK - kultur:
Biografien om Olav H. Hauge, "Mitt liv var draum", lanseres onsdag på Samlaget. Først i november kommer biografien om kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

Da nynorskforlaget Det norske Samlaget la fram høstlisten, var det romanforfatteren Brit Bildøen som fikk størst oppmerksomhet. Grunnen til det er at Bildøens roman, "Alt som er" lanseres som hovedbok i Bokklubben Nye Bøker i høst. Brit Bildøen blir dermed den første kvinnelige nynorskforfatter som får månedens bok i Bokklubben Nye Bøker.
Les meir - om romanforfattarane Are Kalvø [SIC], Geir Atle Ersland, Ole Idar Kvelvane og Laura Djupvik, om lyrikaren Tove Myhre og om biografen Arild Stubhaug, nok ein gong med Niels Henrik Abel som objekt, no i ungdomsversjon. Bak Valgerd-biografien står Olav Kobbeltveit. Kven som har skrive om Olav H. Hauge, nemner ikkje nrk.no. Men det er Knut Olav Åmås.

Å ja, dagbladet.no har òg fått med seg noko. Men der er dei berre interessert i Are Kalvø ...

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Briller 

Eg har vore til synsprøve hos optikar i dag. Brillene mine gjekk sund rett før nordlandsreisa, så eg har vore nøydd til å greie meg med eit par gamle og slitne. No er eg blitt så gammal at det er aktuelt med progressive glas, så det er ein omstendeleg prosess.

Kva dette har med Blix å gjere? Vel, det gjev meg i det minste eit høve til å sende i reprise historia om innsatsen hans som postordreseljar av briller. Eg synest no den er litt morosam.

Mine eigne får eg ikkje før om ei veke.

Send ein kommentar.
# lagt inn 17.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 2,6-11
6 Men det var seks Vatskar av Stein, sette der etter Reinsings-Seden til Jødarne, kvart paa tvo elder tri Anker.
7 Jesus sagde til deim: "Fylle Vatskari med Vatn!" Og dei fyllte deim heilt upp.
8 Og han sagde til deim: "Ause no upp og bere til Kjøkmeisteren!" Og dei bar.
9 Men daa Kjøkmeisteren smakade Vatnet, som hadde vortet til Vin, og ikkje visste, kvar det kom ifraa - men Tenararne, som hadde aust upp Vatnet, dei visste det -, so kallade Kjøkmeisteren paa Brudgumen
10 og sagde til honom: "Kvar Menneskja set fyrst fram den gode Vinen, og so, naar dei ero drukne, den laakare; du heve gøymt den gode Vinen til no".
11 Denne Byrjing paa sine Teikn gjorde Jesus i Kana i Galilæa og openberrade Herlegdomen sin, og hans Læresveinar trudde paa honom.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Frå Bibelen.no).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.04

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 1,52 [SIC]
Og han sagde til honom: "Sannelege, sannelege segjer eg dykker: Heretter skulo de sjaa Himmelen opnad og Guds Englar stigande upp og stigande ned yver Menneskjesonen."
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Heile kapitlet (.pdf-fil).
Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 16.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.8.04

Garborg på Jæren 

Etterslep frå juli: Stavanger Aftenblad hadde ei interessant melding (signert Jan Inge Sørbø) av Arne Garborg: «Knudaheidagbok. Dagbokblad og brev frå Knudaheio 1905-1923» Tekstrevisjon, fotnotar og tilrettelegging ved Sigbjørn Reime. Utgjeven av Time kommune 2004.

Les meldinga.
# lagt inn 14.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Namnet 

I går fekk eg ei triveleg helsing frå Helge R. Næss, med bustadadresse London og interesser for mangt, mellom anna slektsforsking. Han stiller eit spørsmål fleire har undra seg over: "Men hvorfor i allverden kalte Elias seg Blix? Jeg er svak på dette området, men vet ikke at det var noen slektskapsforbindelse til Blix?"

Som svar skreiv eg:
Nei, du har rett. Elias stammar ikkje frå noko Blix-slekt. Dette er ei soge som handlar om oppkalling, samt om "mine, dine og våre barn" - som ikkje er ei moderne problemstilling, berre at det tidlegare gjerne var død, og ikkje skilsmisse, som framkalla den:

Mor til Elias Blix, Margrethe Christophersen (1808-1857), var dotter til Christopher Nilsen og Anne Helgesdotter på Mårnes i Gildeskål. Men Christopher døydde tidleg (1814), og enkja Anne gifta seg opp att. Den andre ektemannen hennar var enkjemannen Peder Nilsen på Hustad i Gildeskål. Første kona til denne Peder var Margrethe Susanna Rist Blix (1766-1814), som altså VAR av Blix-ætta. Med Margrethe hadde Peder sonen Elias Pedersen Blix (1794-1835), som vart buande på Hustad. Margrethe voks opp saman med denne "stebroren". Sonen som ho fekk kort tid etter at den eldre Elias var død, vart oppkalla etter han: Han fekk "Elias Blix" som FØRENAMN. Seinare i livet nytta han Blix-namnet som ETTERNAMN, etter eige utsegn, fordi foreldra ville det slik. Noko lovgjeving som regulerte bruken av namn var det, så vidt eg veit, enno ikkje. I offisielle papir er E. B. likevel "Elias Blix Pedersen" både i lærarskuletida på 1850-talet og i Universitetet sine papir fram til embetseksamen i 1866.
Eg kan leggje til at Inge Johnsen har skrive "Om slekten Rist og noen etlinger på våre trakter [mellom anna Margrethe Susanna Rist Blix & son]" i Gildeskålboka 23 (2003) s. 63-67. Og eg har tidlegare gjeve att eit interessant dokument her på bloggen der Elias Blix sjølv gjer greie for namneforviklingane sine.

God helg!

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.8.04

Slekta 

Berre så vidt heimkomen frå Gildeskål og Beiarn registrerer eg at det er to nettdiskusjonar gåande om forfedrane og -mødrene til Elias Blix i slektsforskarmiljø: Denne, på Google-gruppa no.fritid.slektsforsking.etterlysing, og denne, på Digitalarkivet sitt Brukarforum.

Farfar og farmor til Elias Blix, Christoffer og Ingeborg, har tidlegare vore forveksla med eit anna par med same fornamn. Dei fleste biografiane som er skrivne til no byggjer på den feilaktige versjonen. Unnataket er den nyaste, til Finn Tømmerberg (1999). Dei rette besteforeldre kom frå Strand (og ikkje frå Voll) i Beiarn. Frank Johansen gjev at dei rette opplysningane her (Google). Eg tillet meg å sitere mitt eige innlegg på brukarforumet til Digitalarkivet:
Eg skriv for tida på ein større biografi om Elias Blix. Eg har nett hatt den gleda å vitje Gildeskål og Beiarn, der eg hadde ein svært nyttig dag saman med den rause og kunnskapsrike Øystein Ringaker. Han har gjennom fleire publikasjonar kartlagt farsslekta til Elias Blix i Beiarn:

'Elias Blix si farsslekt i Beiarn.' Årbok for Beiarn 1 (1981), 40-41.

'Farsslekta til Elias Blix.' Gildeskålboka 6 (1986), 30-32.

Beiarn - natur, kultur og slekt gjennom tidene. Del 1: Tida fram til 1801 (Beiarn: Beiarn historielag / Sussi H. Gabrielsen forlag, 2004).

Frank Johansens versjon av farsslekta, som Torgeir Kvalvaag har vist til, er korrekt, så langt eg kan sjå. Eg legg til nokre observasjonar og informasjonar:

1. Ringaker peikar på at det ligg ei forveksling her av to par på grunn av namnelikskap (Christoffer og Ingeborg), noko han tilskriv forfattaren av Beiarboka frå 1943. Men forvekslinga (for ei forveksling er det) er nok eldre, og den har jamvel levd innanfor familietradisjonen: Peder Ravik (son av Ole Pareli Pedersen og brorson til Elias Blix) skreiv i eit brev til Lars Eskeland 27.12.1928 (UB Bergen, Ms. 1857b): 'På gården Vold i Beiaren var Eliasses Far født.'

2. Eit interessant poeng, som går fram av oppstillinga til Johansen: Foreldra til Elias Blix var tremenningar. Fedrane deira, Christoffer Olsen og Christopher Nilsen, var sikkert begge oppkalla etter deira felles bestefar (morfar til C. O. og farfar til C. N.): Christopher Jebelsen Arstad frå Beiarn.

3. Eg kan leggje til at Elias Blix faktisk IKKJE var den førstefødde i heimen til Margrethe og Peder Christophersen. Dei hadde fått ein son, Christian Nicolai, 30.01.1835, vel eitt år før Elias vart fødd. Han vart heimedøypt, men døydde alt 07.02.1835, berre ei veke gammal. Eg har aldri sett dette på trykk, men kyrkjeboka for Gildeskål har innførsler både under fødsel og dødsfall.

Elles er eg svært interessert i å kome i kontakt med fleire som er i slekt med eller har opplysningar om Elias Blix. Kontakt meg gjerne privat. Eg tillet meg å vise til 'vevloggen' min, BlixBlog
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.8.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 1,41-43
41 Ein av dei tvo, som høyrde dette av Johannes og fylgde honom, var Andreas, Broder til Simon Petrus.
42 Denne fann fyrst Simon, Broder sin, og sagde til honom: "Me hava funnet Messias, det er utlagt: Kristus":
43 Og han førde honom til Jesus; men Jesus saag paa honom og sagde: "Du er Simon, Jonas' Son, du skal heita Kefas, det er utlagt: Petrus, (det er: Berg).
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.8.04

Ragnar på Møre 

Han rabla ned diktet om grisen som står og hyler i den stille natt på fem minutt for tjue år sidan. Det har blitt min største hit, oppsummerer forfattaren Ragnar Hovland.

Prestestova i Kyrkjehola var akkurat passe stor for det interesserte publikumet som hadde møtt fram for å høyre forfattaren Ragnar Hovland lese eigne tekster. Mellom gamle tømmervegger med kveldssola på skrå inn gjennom dei småruta vindauga, la tilhøyrarane beslag på alle 40 sitjeplassane i den gamle bygningen.
Les meir (Sunnmørsposten).
# lagt inn 12.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Jon på museum 

Fosse hedres i Hardanger: "Jon Fosse skal igjen gjøres æres [SIC] på. Denne gangen blir dikteren hedret på hjemmebane med en egen dikttavle på tunet til Hardanger folkemuseum i Utne."

Les meir (Bergens Tidende).
# lagt inn 12.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Johannes 1,29 Dagen deretter saag Johannes Jesus komande til honom og sagde: "Sjaa der Guds Lamb, som tek paa seg Syndi til Verdi!
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 12.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.8.04

Blogging i DT 

Ting går seinare om sommaren, men eg må jo gjere merksam på presentasjonen av fenomenet blogging i Dag og Tid 31. juli. Her finn du eit intervju med den leiande vevlogg-eksperten i Noreg, Jill Walker. Sjå gjerne på vevloggen hennar, jill/txt, òg.

I papirutgåva har Dag og Tid dessutan snakka med tre andre profilerte norske bloggarar, Torill Mortensen, Thomas Brevik og Olaug Nilssen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 11.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix/Johannes 

Evangeliet etter Johannes.
1ste Kapitlet.

I Upphavet var Ordet, og Ordet var hjaa Gud, og Ordet var Gud.
2 Dette var i Upphavet hjaa Gud.
3 Alle Ting vart til ved det, og utan det vart ikkje til ein einaste Ting, som til er vorten.
4 I det var Liv, og Livet var Ljoset fyre Menneskjom.
5 Og Ljoset skin i Myrkret, og Myrkret tok det ikkje til seg.
-----------------
Evangeliet etter Johannes (omsett av Elias Blix; Kristiania: Det norske Samlaget, 1889)

Dagens Blix er attende etter sommaropphaldet. Her har eg presentert ulike Blix-tekstar, for det meste i kronologisk rekkefølgje.

Vi er komne til sluttsteinen i det første nytestamentet på landsmål. I 1882 hadde Samlaget gjeve ut den prøveomsetjinga av Romarbrevet som Elias Blix hadde gjort, med Ivar Aasen som konsulent. Dei heldt fram med dei andre nytestamentlege bøkene, og fekk med seg Johannes Belsheim og Matias Skard i arbeidet. Men så kom 1884 og regjeringsskiftet, og Blix vart statsråd. Han kunne ikkje ta aktiv del i omsetjingsarbeidet i desse åra. Derimot vart han sitjande på andre sida av bordet, som godkjenningsinstans. I februar 1888 gjekk Blix ut av regjeringa, og no tok han del i omsetjingsarbeidet for fullt. Han hadde sannsynlegvis begynt på Johannesevangeliet med ein gong Romarbrevet var ferdig. Omsetjinga var ferdig alt same haust, vart godkjend av departementet 20. november og utgjeven året etter. No var alle skriftene ferdig omsette. Landsmålstestamentet, som hadde vore utgjeve heftevis, vart samla mellom to permar.

Eg er svært oppteken av vekselverknaden mellom bibelomsetjing og salmedikting hos Elias Blix. Det er grunn til å tru at Johannesevangeliet gjev særleg gode døme på dette samspelet. Mange hymnologar har merka seg at salmediktaren Blix har henta mange uttrykk og bilete nett frå denne bibelske boka. Dei har rett i det (sjølv om eg framleis meiner at Blix sin bibelske heimstad er Edens hage i 1. Mosebok kap. 2), og alt prologen gjev gode døme. Kort tid etter omsetjinga av Johannesevangeliet skreiv Blix julesalmen "I fyrste Upphav var Guds Ord" (1891). Og vers 5 hadde han alt spela på i "Jesus, du er den Himmelveg" (1875): "Ljoset det inn i Myrkret skin, / Myrkret det ikkje vil fata."

Les teksten i dagens bibelomsetjing (Får du bokmålsteksten? Gå inn på Bibelen.no og vel "Nynorsk").
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.8.04

Ranveringar 

Eg kan fortelje om eit sers vellukka korttidsopphald i Mo i Rana sist fredag. I Rana bibliotek fann eg Ole Andreas Johannessens "Erindringer" (1912). Og ved Rana Museum fekk eg katalogen over arkivsaker etter Ole Tobias Olsen. Her er det mykje å hente, særleg når det gjeld Tromsø-seminaristane frå 1850-talet som studerte i Kristiania på 1860-talet. Dette materialet ventar eg meg mykje av.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

MF 

Litt for å leve meg inn i livet til hebraisklærar Elias Blix, men mest for å tene til livsopphald: I dag tok eg til som vikarierande hebraisklærar ved Menighetsfakultetet. 60 % stilling for det akademiske året 2004-05. Hard og varm start. Når eg kjem i gang att med "Dagens Blix" veit eg ikkje enno, men ting er på veg mot det normale.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Heime 

Heimkomen frå Nord-Noreg laurdag kveld.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.8.04

Blogging frå Bodø 

Ei veke i Gildeskål er til ende. Eg har vore på flyplassen i Bodø med nokre slektningar. No set eg kursen sørover att.

Når eg kjem heim, har eg mykje å fortelje: Om båt- og bilturar til Blix-heimgrenda, Våg på Sandhornøy. Om rundtur i Beiarn på jakt etter Elias Blix sine røter på farssida. Og ikkje minst, om gode hjelparar: Live og Jan Kåre Jakobsen (svigerinna mi og mannen) som har stilt hytta si på Røssnes i Gildeskål, "Mamre", til disposisjon. Oscar Berg, historikar og museumsmann, som viste meg rundt sjøvegen i Elias Blix' rike. Øystein Ringaker, gardbrukar, lokalhistorikar og mykje meir, som har kartlagt Elias Blix si farsslekt i Beiarn attende til 1500-talet. Er du riktig grei, skal du få sjå nokre bilete etter kvart.

Noko meir? Veret! Strålande sol og varme ei heil veke. Eg har BADA ved Sandviksanden ("ei lysande strand mellom høgfjell og fjord"!

Reiser innom Mo i Rana for å leite etter kjelder og litteratur om ranveringane Ole Johannessen og Ole Tobias Olsen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.8.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?