<$BlogRSDUrl$>

21.9.04

Modersmaalet 

"Maal med Malm og Tone full / Av vaar Mor me lærde," song Elias Blix på sine eldre dagar ("Modersmaalet"). Men korleis var no eigentleg malmen og tonen i det målet han lærte å snakke på?

Vi har ikkje samtidige kjelder som kan fortelje oss det. Rett nok, det første storstilte forsøket på å beskrive norske dialektar var i gang: På 1840-talet, medan Elias Blix Pedersen enno var gutunge, reiste Ivar Aasen landet rundt for å utføre "Undersøgelse og lexikalsk samt grammatikalsk Bearbeidelse af de norske Dialekter." Sommaren og hausten 1846 gjorde Aasen to turar til Nordland. Men han reiste ikkje lenger nord enn til Rana, så i tittelen på rapporten sin, "Oplysninger om Almuesproget i Nordlandene," har han ganske riktig lagt til: "fornemmelig Helgeland". Dette materialet er grunnlaget for den kortfatta analysen av den "nordlandske" forgreininga av den "nordenfjeldske Sprogart" i Det norske Folkesprogs Grammatik (1848). Aasen legg her til: "Denne Forgrening omfatter ... adskillige Underarter eller Dialekter; men disse ere ikke tilstrækkelig undersøgte, og deres Forskjel skal heller ikke være meget betydelig." I 1851 reiste Aasen heilt til Tromsø. På denne reisa var han fleire dagar i Lofoten, men Salten reiste han forbi, jfr. Brev og dagbøker 3.177-178. I framstillinga i Norsk Grammatik (1864) viser Aasen likevel, rett nok sers kortfatta, at han er merksam på nokre sermerke ved Salten-målet.

Det er vel lov å tenkje seg at Salten-målet har vore relativt stabilt. Dialekten er, som Aasen er inne på, ein typisk nordleg dialekt. Men så vidt eg kan forstå må Salten-målet (ved sida av nokre trønderdialektar) vere mellom dei mest effektive i landet. Her kastar ein ikkje bort tid på overflødige stavingar, saltværingane må ha noko bortimot norsk rekord når det gjeld apokope, bortfall av endingar, til dømes i infinitiv av verbet og i eintal av ein del substantiv.

Poenget med desse funderingane er vel helst å spørje om det er nokre norskfilologar der ute som har ein god referanse å foreslå til Salten-målet spesielt eller (nord)norsk dialektgeografi og -historie generelt?

Ja, eg må hugse å nemne denne artikkelen (av Ludvig Kvandal) frå vevstaden til Salten Mållag.
# lagt inn 21.9.04 2 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Tur til Universitetsbiblioteket i dag, med godt utbyte:

• Skånlund, E. B., Saltamålet: Kort oversikt over lydverket (Oslo: Aschehoug, 1933)
• Elstad, K., "Nordnorske dialektar," s. 9-100 i T. Bull og K. Jetne (red), Nordnorsk: Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg (Oslo: Samlaget, 1982)
• Jahr, E. H. og O. Skare (red), Nordnorske dialektar (Oslo: Novus, 1996)
• Brekke, O., Saltendialekten: En grammatikk (Fauske: Skjerstad og Fauske bygdeboknemnd, 2000)
Av Blogger Anders, 10:44 p.m.  
Oppdatert versjon her: Modersmaalet 2.
Av Blogger Anders, 2:30 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?