<$BlogRSDUrl$>

8.9.04

Prosalong 

I kveld har eg vore i sakprosaborga Uranienborgveien 2. Kveldens "Prosalong" hadde Knut Olav Åmås som gjest og "Å skriva om eit litterært liv: Biografien om Olav H. Hauge" som tema. Godt frammøte og interessant samtale. Eg har alt referert ein del av kva Åmås har sagt om emnet i andre samanhengar. Sidan eg ikkje les Dagbladet (så fekk eg nemnt det òg), har eg heller ikkje fått med meg kronikken hans 1. september, "10 punkt om biografien." Eit fint samandrag av det avsluttande teoretiske kapitlet i Mitt liv var draum, med noko ekstra krydder, til dømes dette:
8. ETIKK OG GRENSESETJING: Når skal ein stoppa, kor ein skal setja grenser for kva ein skriv om? Biografidebattar i Norge forfell påfallande ofte til moraldebattar om at grenser er overskridne. Det gjeld ofte naturlege, menneskelege tema som sjukdom og kjærleik. Dette er ikkje ordskifte som blir starta av lesarane, men av journalistar utan fantasi til å finna meir sentrale problemstillingar. Dei er òg ein avleiingsmanøver for å sleppa å diskutera det verkelege problemet: den ekstreme og banaliserande intimiseringa i den kulørte vekepressa og dagspressa.

Det blir sjeldan gjort etiske overtramp i norske biografiar. Interessa for det private i biografiar, utøvd ansvarleg og med dømekraft og grensesetjing, har ingenting med intimitetstyranni å gjera. Ein biografi dreier seg om det heile mennesket og det heilskaplege tilværet og livsløpet, og då er det ikkje berre offentlege handlingar som er relevante. Kva slags historie vil det vera å lesa om 100 år dersom alt som er privat, er tabu? Vi ville få ein mager og merkeleg menneskevitskap dersom vi berre skulle skriva om idear og institusjonar.
Les meir.
# lagt inn 8.9.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?