<$BlogRSDUrl$>

13.10.04

Barndomsheimsteologi 

Ein kan gjere seg mange slags refleksjonar med utgangspunkt i bokutvalet i Elias Blix sin barndomsheim.

Ein er av teologihistorisk art. Eit mykje brukt historieskjema opererer med epokane ortodoksi - pietisme - rasjonalisme for å skildre utviklinga av luthersk teologi i det 17. og 18. hundreåret. Medan ortodoksien legg vekt på å systematisere den rette læra, representerer pietismen ei subjektiv vending der den einskilde sitt religiøse liv, ikkje minst kjensleliv, vert sett i fokus. Rasjonalismen er eit teologisk opplysningstidsprosjekt, med appell til fornuften. Innføringa av konfirmasjonen (1736) og allmugeskolen (1739) er sett på som pietistiske prosjekt.

Av desse tre er det ortodoksien som er heilt dominerande på bokmarknaden, sjølv så seint som i 1840. Samtlege boktitlar i skiftet etter Peder Christophersen høyrer til denne epoken i teologihistoria. Og igjen, dette er ein normalheim, det er ikkje noko som helst påfallande med mengda eller utvalet av bøker, anten vi gjer samanlikningar på lokalplan eller på landsplan.

Dette funnet kan tolkast på fleire måtar. Det kan sjå ut til at pietisme og rasjonalisme hadde langt mindre gjennomslagskraft mellom folk flest enn ein gjerne har tenkt seg i ettertid, medan den ofte karikerte og utskjelte ("døde" eller "tørre") ortodoksien hadde nådd lenger inn til folk enn ein har trudd. Eg trur snarare at ein har overdrive kontrasten mellom ortodoksi og pietisme, og at kontinuiteten var sterkare enn brotet.

Ein annan observasjon gjeld den sjølvsagte plassen religiøs litteratur hadde i høgst vanlege heimar. Det fortel noko om ei tid da religion ikkje var skiljemerke mellom individ som var særleg religiøst interesserte og slike som var "sekulære", men da religiøs tru og praksis var ein sjølvsagt og naturleg del av livet i eit lokalsamfunn. Vi skal heller ikkje oversjå at dette langt på veg var eit pålegg frå høgare verdslege makter, ei arv frå eineveldets tid. Å ha gode, kristne og lydige borgarar var absolutt i sentralmaktas interesse. Det interessante er at dette prosjektet var så vellukka at det overlevde opplysningstid og 1814 i beste velgåande.

Sannsynlegvis ligg det nokre nøklar her til forståing av Elias Blix som teolog og salmediktar. Mange har streva med å plassere han inn i dei teologiske leirane i siste halvdel av 1800-talet. Han let seg ikkje rubrisere som pietist, heller ikkje som grundtvigianar. Kan hende går det an å seie at mange av salmane hans har eit før-pietistisk, gammal-luthersk preg, som korresponderer med ei svært utbreidd folkeleg religionsform, med meir av "oppdragingskristendom" enn "vekkingskristendom"?

Ein variabel som ikkje kjem fram i denne analysen gjeld tilhøvet mellom by og land. I kor stor grad er religionsform knytt til rural versus urban livsform? Korleis vert religiøse standpunkt påverka av sosial og geografisk mobilitet? Elias Blix bur i byar det meste av livet sitt. Men når han skriv songar, er det "barndomsminna frå Nordland" som kjem til uttrykk. Enn når han skriv salmar? Er han ein romantisk, tilbakeskodande eksilforfattar som lengtar attende til barndomslandet og barnetrua? I så fall må det ha vore mange som delte den kjensla med han, resepsjonen av salmane tyder på det.
# lagt inn 13.10.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?