8.10.04
Fotbaal (3)
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive meir om dette, men i dag har ein ny tung aktør kome på banen: Biskop emeritus Per Lønning har fått ein preikestol i Morgenbladet (Herrens vegar er uransakelege), og denne helga nyttar han den til eit teologisk oppgjer med fotBa'al-prestane. Medspelarar av slikt kaliber skal ein sjølvsagt vere glad for, men dei har irriterande godt minne. Eg har vore naiv nok til å tru at assosiasjonen min av ballspel og gammal orientalsk kultus var ei språkleg nydanning i norsk, men der har eg sjølvsagt teke feil. Biskopen kan fortelje:
FotBa'al på BlixBlog:
Jeg hadde i sin tid tilgang til et unikt historisk kildemateriale: biskop Eivind Berggravs høyst så berggravske referater fra embetsreiser i Østfold og Akershus, ført med egen hånd i den store protokollen han hadde liggende på fanget under visitasforhandlingene. Den forlegger som først sikrer seg utgiverrettighetene kan regne med litt av et scoop! Jeg husker tydelig Sarpsborg-notatet fra 1938: «Prost Sverdrup sier: ’Her i byen dyrker ikke folk gud Ba’al, de dyrker bare football’.»Morgenbladet: "Bønnhørelse bak mål"
Et bibelsk bilde av Skaperens jord vil minst av alt livsutfoldelse og livsglede til livs. Men spør om selvsamme bok er ute etter avgudsdyrkere!
FotBa'al på BlixBlog:
- Fotba'al(16.06.2004)
- Meir fotBa'al (22.09.2004)
Kommentarar:
Uavhengig av Per Lønning har Ragnar Hovland kommentert same saka på Innsida av dagens Dag og Tid, under overskrifta "Fleire merkelege prestar". Konklusjon: "Vi tar prinsipielt avstand frå at prestar ber for fotballag i kyrkjene sine. Einaste unntaket er å be for Sogndal. Det må vere lov."