<$BlogRSDUrl$>

25.11.04

Me heime heldt kor 

Å "halde kor" var det vanlege uttrykket for å ha husandakt. I svært mange heimar slutta dagen med at huslyden samla seg til ei stund med salmesong, lesing og bøn. Slik var det til dømes heime hos Anton Chr. Bang på Nesna:
Ved Ottetiden var "Kveldseta" slut, og vi gik fra hverandre efter at have "holdt Kor" eller samlet os til Andagt. Først sang vi et Par Vers, saa læste Fætter Jon [Klæbo] eller jeg Aftenbønnen i Kingos Salmebog, og saa sang vi atter et Par Vers.
Endå meir utbreidd var skikken å samlast til felles andakt på sundagane, når det ikkje var gudsteneste eller det var vanskeleg å kome til kyrkje. Det var brukeleg både i heimane og i fiskeværa. Ved slike høve kom gjerne fleire grannar saman, ein las preika for sundagen frå ein postill og song høvelege salmar. Her finn vi altså brukskonteksten for dei bøkene folk flest hadde heime. Også dette gjev Bang eit levande bilete av:
Det var ikke mange Husfædre, som ikke holdt Husandagt. De mest brugte Prædikenbøger var Müllers og Brochmands Postiller. Jeg mindes engang at have paahørt en Diskussion om, hvilken der var bedst af disse Postiller, og hvad der var det eiendommelige ved hver af deres Forfattere. Med Hensyn til dette Spørgsmaal var alle af den Mening, at Müllers Postille var at foretrække af den Grund, at han stod paa den simple Mands Side, medens Brochmann holdt med "Storkarran".
Moderne (eller postmoderne, eller post-postmoderne) individualistar kan fort komme til å feilvurdere denne kvardagsreligiøsiteten. På den eine sida: Ein må hugse elementet av kontroll, til og med tvang. Kongen, bispen og presten ville gjerne ha lydige og kristne borgarar. Eit seint, og derfor interessant, døme finn ein i dette utdraget frå visitasberetninga om biskop Kjerschows visitas i Gildeskål (med Beiarn) 26. juli 1848 (du kan lese heile beretninga her):
Kirkerne flittig benyttes, Helligdagerne overholdes og Husandagt anvendes undtagen af enkelte Nybyggere i den øvre Deel af Beyeren. Med Hensyn til disse ansaaes det tjenligt, at Sognepræsten dels alene dels i Forening med sine Medhjælpere advarer dem, og, hvis saadan Advarsel ikke frugtes[?], da anmelde Vedkommende for den civile Øvrighed.
Kjerschow var nok ein noko gammaldags og heller streng bisp, det var ikkje vanleg å straffeforfølgje denne typen "brot" med bøter eller kva det no kan bli tale om.

På den andre sida, dei tradisjonelle skuldingane om "død vanekristendom" er neppe rettvise. Det er ikkje grunn til å tvile på at desse kollektive normene var internaliserte og integrerte for svært mange "kvardagskristne" - i ei tid før dei store vekkingane på 1850-talet har gjort religion til ei sak for det inderlege individet.
# lagt inn 25.11.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?