<$BlogRSDUrl$>

19.12.04

Dagens Blix 

Jesus kom til Jorderike, / Førde ut sin Faders Raad.
Han, som var Guds Son og Like, / Stor i Æra, Magt og Daad,
Kom til oss, som var fortjonad, / Og fyr vaare Synder sonad,
Kom og gjekk fyr oss i Grav, / Stod so upp og Liv oss gav.
---
Sjaa, han kjem! So lat oss fara / Ut og fagna honom vel!
Høyr, han helsar; lat oss svara: / Ver velkomen, heil og sæl!
Ver velsignad, som vil vitja / Oss, som her i Myrker sitja!
Kom, vaar Frelsar, Livsens Sol, / Kom og giv velsignad Jol!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 8

Fjerde sundag i advent. Eg har gjeve att første og siste vers av salmen, som har gjennomgangsmotivet "Jesus kom/Jesus kjem". Ja, det er ein adventssalme, sjølv om dei to første versa minner om påske og pinse, dei to neste om kyrkja og gudstenesta. Salmen er trygg i forma og dogmatikken, men litt fattig på bilete, kan hende. Den vart ståande likevel, både i Landstads reviderte og Nynorsk Salmebok, men den er teken ut av Norsk Salmebok. Tonen vart endra, frå "Kjærlighet er lysets kilde", som Blix oppgav, til den meir alvorlege "Jesus er mitt liv i live" (sjå NoS nr. 154).

Heile salmen.
Måndagens Blix.
# lagt inn 19.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?