<$BlogRSDUrl$>

30.12.04

Fiskereiskap 

Eg driv stadig og strevar meg gjennom arveskifta etter foreldra til Elias Blix. Eg trur det er verd bryet. Men du verda, så mykje eg ikkje har greie på! Fiskereiskap, til dømes. Du skal få eit omtrentleg samandrag her:

I 1857 fanst det 15 djupe og 15 grunne torskegarn i buet, og i alt 19 liner. Dette er vel utstyr primært til lofotfisket, så vidt eg kan forstå. Her ligg ein stor auke frå 1840. Da var talet på torskegarn berre halvparten (15 i alt), og talet på liner ein tredel (6). Ein kan vel halde dette saman med auken i flåten som eg har omtala tidlegare. Stefar Ole Helgesen må ha slått seg opp som fiskar, og drive sesongfiske med fleire båtar og leigd hjelp. Far Peder Christoffersen dreiv nok i litt mindre skala.

Når det gjeld sildegarn, derimot, er det omtrent like store kvanta i begge registreringane. I 1857 er det summarisk tale om 17 sildegarn. 1840-registreringa er noko meir spesifikk. I tillegg til 13 sildegarn er det tale om tre "smaabændte" (tyder det meir finmaska?), dessutan 3 1/2 "Sildgarnstræng" og ein "smaabændt Do." Dei verkeleg store sildeåra i Nordland kom noko seinare. Det fisket det er tale om her, har Elias Blix sjølv omtala i ein artikkel i Dølen i 1860:
Etter Haust-Onnirna teker Mannen sine Sildagarn i Baatskutten og soknar Fjord ut og Fjord inn leitande etter Sild; ho er no reint umissande fyre Nordlendingen baadi til Husbruk og endaa meir til Agn til Lofotfisket, og spyrer du Mannen um Aarvegen, vil han som tidast svara: “Aa berre Uaar,” naar han inkje hever fengit Sild nok til Vettren. Dei gamle hava nok ellest mange Merke paa, um dat skal verda godt Sild-Aar elder ei: dat er soleides eit godt Fyribod, at dar um Sumaren vexer myki Ber, iser Blaaber. Dei tvo Ting hanga no ihop med einannan, maa vita.
Det er mange tomtønner nemnde i begge registreringane. Eg antar at mange av dei var etla til sild? I 1840 er for resten "1/4 Tønde spansk Salt" nemnt i registreringa.

Det er nemnt ein god del snøre i 1840-skiftet, og ei gammal jukse i 1857. Det var vel ein del handsnøre i bruk under heimefiske?

Gangvad er nemnt i begge registreringane. Her er det faktisk 1840-skiftet som er mest velutstyrt (det vil seie: som har flest krokar). Gangvad er ei sterk line med kraftige krokar til kveitefiske.

Endeleg er seinot nemnt i begge registreringane (ja, det kjem ein del tilbehør i tillegg, som eg ikkje har lista opp).

Her var altså utstyr til eit nokså allsidig fiske, så vidt eg kan forstå. Men eg har ikkje noko særleg å samanlikne med.
# lagt inn 30.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?