<$BlogRSDUrl$>

28.12.04

Grunneigarar 

Det er ikkje heilt lett å finne ut av eigedomstilhøva kring barndomsheimen til Elias Blix. I første halvdel av 1800-talet var det enno svært vanleg at bøndene i Nordland var leiglendingar. Dei bygsla jord anten av det benefiserte godset (jord som høyrde til kyrkja og gav leigeinntekt anten til eit presteembete eller til ei kyrkje) eller av private grunneigarar.

Delar av garden Våg i Gildeskål var benefisert gods. Om det galdt konkrete gardar/jordstykke eller ”ideelle partar” av gardar veit eg (enno) ikkje.

I 1821 vart det vedteke å selje det benefiserte godset. Eg har prøvd å finne fram i arkivmaterialet til 1. prestegardskontor i Kyrkjedepartementet, som hadde ansvaret for slike saker, utan å bli heilt klok på dette. Eg har skjøna så mykje at handelsmannen på Nord-Arnøy, Nils Jørde, 6. april 1832 fekk approbasjon på kjøp av 2 våger i garden Våg, i tillegg til noko jord på Nord-Arnøy.

No gjev skiftet frå 1840 etter Peder Christophersen Våg, far til Elias Blix, ei viktig opplysning om eigedomstilhøve. I registreringsforretninga er følgjande ført opp på utgiftssida:
Aabod til Skipperne Carl og Hans Olsønner Hustad eller Sandnæs samt deres Søster Oline som Eiere af den Afdødes paaboende Grund. hvilken Aabod blev taget af den Afdødes Faders Dødsboe 1835, men som Sønnen Peder Christophersen indestod for at betale med 30 Spd.
Og i tilfelle ikkje du heller veit kva ”åbot” er for noko (eg måtte slå det opp), her er leksikondefinisjonen frå NorgesLexi:
Åbot er betegnelsen på den plikt som påhviler eieren eller brukeren av en fast eiendom til å vedlikeholde gjerder, hus etc. og til å betale erstatning hvis han forsømmer denne plikt.
Du skal få ein kort presentasjon av dei tre grunneigarane. Carl, Hans og Oline var barn av skipper og gjestgivar Peder (Per) Olsen på Sandnes. Dei tok altså ikkje farsnamnet Pedersen, men brukte Olsen-namnet. Oline (f. 1822) ser ut til å ha teke over gjestgivarverksemda på Sandnes, saman med ektemannen Hans Olsen frå Saltdal, etter stefar sin Ingebrigt Eide.

Hans Mikal Bruun Olsen (f. 1811) etablerte seg som skipper og handelsmann på Hustad, altså på nabogarden til heimen der Margrethe Kristoffersdatter, mor til Elias Blix, var oppvaksen. Denne Hans Olsen Hustad vart oppnemnd til verje for Elias Blix og broren Ole Pareli.

Det er likevel Carl Olsen (f. 1809) som er av størst interesse for biografien til Elias Blix. Han gifta seg med enkja etter handelsmann Nils Jørde på Nord-Arnøy (død 1840), den nesten tjue år eldre Gjertrud, og overtok handelsstaden der. Dei var barnlause. Det var denne Carl Olsen som seinare gav Elias Blix økonomisk stønad dei siste par åra han var i Tromsø og det første året i Kristiania, slik at han kunne ta examen artium. Det er verd å nemne at Gjertrud Olsen kom frå Ytterøy i Trøndelag og var søster til sokneprest Peter Andreas Berg, konfirmantpresten til Elias Blix, som skal ha mykje av æra for at han fekk gå vidare på skole (Berg har fortent eit litt betre ettermæle enn han vanlegvis har fått; det er stort sett for alkoholproblema sine han blir hugsa).
# lagt inn 28.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?