<$BlogRSDUrl$>

31.12.04

Utreiarar 

Ein svært viktig faktor i den gamle kystøkonomien var tilhøvet mellom fiskarbonden og utreiaren. Ei kort utgreiing om utreiarsystemet finn du i denne artikkelen frå Salten Museum.

Ein fiskarbondeheim - slik som barndomsheimen til Elias Blix - hadde fire bein å stå på som økonomisk fundament:
  1. Dei store sesongfiskeria. I Gildeskål på 1840-talet handla det mest om lofotfisket på etterjulsvinteren. Berre nokre få tok del i finnmarksfisket etter påske.
  2. Heimefisket, året rundt.
  3. Åkerbruk: Potet og litt korndyrking.
  4. Husdyrbruk: Kyr, sauer, geiter, og etter kvart kan hende ein gris.
Dei tre siste av desse næringane produserte helst for hushaldets eige forbruk. Det var lofotfisket som skapte eit overskot som kunne bytast i varer fiskarbonden ikkje kunne produsere sjølv, eller i kontante pengar. Det siste var det lite av, økonomien var langt meir basert på varebyte.

Dette økonomiske mønsteret var fleire hundre år gammalt. Den viktigaste marknadsplassen var Bergen. Kjøpmennene på Bryggen hadde eit stort internasjonalt nettverk, som gjorde Bergen til ein sikker marknad. Her var det alltid avsetning på fisk og fiskeprodukt for eksport, med tørrfisk, klippfisk, tran og rogn som dei viktigaste. Og her var det alltid mogleg å få kjøpt importvarer som korn (noko nordlandsbøndene sjølv aldri kunne produsere nok av), utstyr til fisket, tekstilvarer, brennevin, kaffi, tobakk, sirup ... Den einskilde fiskarbonden hadde sin eigen kjøpmann som han handla med, i eit gjensidig forpliktande forhold. Fiskaren leverte råvarer og fiskeprodukt, og fekk att korn og andre importvarer. Var fisket dårleg eit år, sytte kjøpmannen likevel for det naudsynte av matvarer og utrusting. Men på denne måten kom fiskaren i gjeld, og vart dermed endå meir avhengig av kjøpmannen. Du finn mykje interessant materiale om ulike sider ved denne handelsforbindelsen i oppslagsverket til Bergen Byarkiv, t. d. i artikkelen om Nordlandshandelen.

Denne marknadstilgangen var tydeleg viktig nok til å vege opp for den store risikoen den lange transporten innebar. Her kjem vi i kontakt med ei anna viktig gruppe i kystøkonomien: Jekteskipperane (sjå denne artikkelen om jektefarten frå Salten Museum), som frakta fisk sørover og handelsvarer nordover på vegner av mange fiskarbønder i bygdelaget sitt. Dei utgjorde noko av ein lokal overklasse, og nett i første halvdel av 1800-talet etablerte mange seg som lokale handelsmenn langs kysten av Nord-Noreg. Etter kvart tok desse handelsmennene på seg utreiaransvar. I forhold til Bergens-kjøpmennene vart dei på den måten til dels konkurrentar, til dels eit nytt mellomledd i omsetjinga. Det høyrer med til biletet at kjøpmenn frå Trondheim frå gammalt spela ei viss rolle. Dei reiste gjerne sjølv nordover og kjøpte opp fisk, medan Bergenskjøpmennene overlet transporten til fiskarane og jekteskipperane. Trondheimsmarknaden var likevel aldri så viktig som Bergen.

Kva for utreiarar hadde barndomsheimen til Elias Blix? Den viktige handelsstaden Nord-Arnøy ligg tvers over fjorden for Våg, og eg har trudd at kjøpmannen der var utreiar. Reidar Bolling skreiv i Blix-biografien sin (s. 23-24): "Faren handla hos Carl Olsen på Arnøya, ein landhandlar som dreiv stort i Lofoten og som førde turrfisken til Bergen på si eiga jekt." Det var denne Carl Olsen som (saman med søskena sine) var grunneigar for garden dei bygsla, og som seinare var velgjeraren som gav Elias Blix høve til å ta artium.

Men gjennomgangen av skifta etter foreldra har fått meg til å tvile på det. Bortsett frå åbota til grunneigarane i 1840-skiftet er det ikkje noko som tyder på mellomvere med Carl Olsen. Derimot er det gjeldspostar til Bergenskjøpmenn i begge skifta. Dette kan tyde på at både faren og stefaren framleis heldt på det tradisjonelle tilhøvet til Bergen framfor å knyte seg til lokale kjøpmenn. Er dette ei rimeleg tolking? Faren Peder Christophersen hadde ei ubetydeleg skuld til Albert Mohns Sønner og til Petter (Peter?) Mohn (1840-skiftet), stefaren Ole Helgesen hadde ei større skuld til Henrich Thomsen (1857-skiftet). I det siste skiftet finst ei rekning og eit brev bevart som vedlegg. Det er så interessant at eg gjev det att:

Modtaget af Her Ole Helgesen Vaag
1. Stevne 1857 fra J. Ellingsens Jægt
2 Tdr [Tønder] brun Tran à 5 ½ Kande à 22 Sp[esidalar] 42-0-9
2 1/6 Vog Længer 1 Sp 6 S[killing] 2-1-9
1 Vog Rodskjær 0-4-12
Sp. 45-1-6
Derimod:
Fragt Sp. 1-3-7
Afgift 0-0-14
Seneste Debet 46-2-10
7 Tdr Korn à ? 4 Sp 12 S 28-3-12
3 ” Korn à 4 Sp 12 S 12-1-12
3 Klaverdugs Sække 3O[rt] 22 S 2-1-18
1 Tde Rug 4-1-0
17 Pund Sirup a 9 ½ 1-1-18
1 Krukke paa 3 Kd. 0-1-6
8 Mark Tobak à 20 S 1-1-16
6 Mark Traad à 16 S 0-4-0
Contant til IJSHS[?] 5-0-0
104-2-14
Debet Sp 59-1-11
Til Deres Ven
Henrich Thomsen
Bergen den 12 Juni 1857

Her Ole Helgesen Vaag

Jeg beklager meget at erfare Deres kjære Kones Død, dog De maae jo skikke Dem deri, og hun har jo saavidt jeg har erfaret, længere Tid været sygelig saa at De maatte være forberedt derpaa. –

Jeg har intet imod at De efter Deres Ønske bliver siddende i uskiftet Boe. – Den forlangte Tønde Malt har jeg ei villet sende Dem paa Grund af at samme i denne Stevne var 3 Ort 12 S pr Tønde dyrere end Korn, og jeg maatte formode at De troede at den stod i Prisforhold til Kornet som i forrige Aar. –

Skulle De imidlertid ønske samme til sidste Stevne skal samme blive Dem sendt med Fornøielse. –

Som De seer efter Regning er De godtgjort for 12 S pr. Tønde Kornvarer og tillader mig at sende Dem fire Flasker Viin.

Deres Ven
Henrich Thomsen
Her er jo eit og anna å reflektere over, både når det gjeld sorgarbeid og når det gjeld tilhøvet mellom utreiar og fiskar. Dette er oppgjeret etter første jektelast, til vårstemna i mai/juni. Tran er viktigaste salsvare, mengda av tørrfisk er lita. Det var helst fisk frå hausten før. "Rodskjær" er ein tørrfiskkvalitet (det meste vart levert som "rundfisk"). Ordet "Længer" eller "lenger" er eg ikkje blitt heilt klok på. Er det fiskearten lange det handlar om? Nordlandsjektene gjorde ein tur til, til hauststemna i august/september. Det er høvet for omsetjinga av årets tørrfiskproduksjon frå Lofoten.

Litteratur:
# lagt inn 31.12.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?