<$BlogRSDUrl$>

13.1.05

Dagens Blix 

Sjaa, Heidningar leggja mot Herren Raad, / Og Kongar mot Kristus rasa.
Men Herren han lær aat deira Daad, / Han kann deim som Krusty knasa.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 27

Denne første strofa byggjer på Salme 2 i Bibelen, men det er i grunnen det einaste elementet som er nytt i forhold til den førre salmen. Dette er ei rimpreike over den same evangelieteksten, Matteus 2,13-23. Som salme slo den ikkje igjennom.

I dei seinare strofene brukar predikanten stoff frå Johannesevangeliet for å vise at ikkje berre Kristus, men også den kristne møter liding og fiendskap i verda, t. d. Joh 15,18-16,4.

Det får meg til å tvile på den biografiske lesinga eg la opp til av den den førre salmen. I det heile skal ein vere forsiktig med slike lesemåtar. Salmen er ei svært bunden form, bibeltekstane og kyrkjeårsplasseringa legg utruleg sterke føringar, og eg har nok gjort meg skuldig i overinterpretasjon her.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tysdagens Blix.
# lagt inn 13.1.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?