<$BlogRSDUrl$>

25.2.05

Bibelomsetjing 

Over til noko meir hyggeleg: I dag har eg underteikna kontrakt med Det Norske Bibelselskap om eit større og meir formalisert engasjement i arbeidet med revisjon av den norske omsetjinga av Det gamle testamentet. Frå 01.08. og eitt år framover har eg 50 % stilling der.

Og dei 50 prosenta arbeidstid eg har att, skulle vere nok til å fullføre Blix-biografien - trur eg.

Ja, Elias Blix var sjølv engasjert i Bibelselskapets arbeid: Han var sakkunnig for den første bokmålsomsetjinga frå 1904.
# lagt inn 25.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?