<$BlogRSDUrl$>

2.2.05

Dagens Blix 

Det Folk, som frægt vil vera / Og vinna Lukka lang,
Det høgt Guds Ord maa bera / Som Ljoset paa sin Gang.

So høyr Guds Ord med Age, / Aa Land, høyr Herrens Ord!
So fagert som ein Hage / Du lysa kann i Nord.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (4de Kristiania: Olaf Husebye, 1900), s. 36-38

Vi er a jour! Dagens Blix har nådd att kyrkjeåret. Til helga vil du finne salmane til sundag før faste frå fjerde utgåve av Nokre Salmar på denne plassen.

I mellomtida kostar vi på oss eit ekskurs til den siste samlinga Elias Blix gav ut. Også i Salmar og Songar (1900) står det ein salme til "Sundag Sexagesima" eller Såmannssundagen. Guds Ord gjer Lands Lukka, står det til overskrift. Ved sida av "Gud signe vårt dyre fedreland" er "Det folk som frægt vil vera" (Norsk Salmebok 560) den salmen som klårast koplar nasjon og religion ved hjelp av det bibelske biletet av Edens hage. Dette er gammaltestamentleg land-teologi, med Noreg i rolla som det heilage landet. Denne "God's Own Country"-tanken er som kjent ikkje heilt uproblematisk. No kan ein ikkje seie at Blix knyter Gud eksklusivt til Noreg. Men minoritetsproblematikkar hadde han knapt særleg tanke for.

Eit anna spørsmål desse salmane reiser, er om ein berre kan dyrke Gud dersom ein dyrkar jorda. "Folk med kristne Dygder, med god og gudleg Sed" bur nemleg "sælt i sine Bygder". Som kjent budde Elias Blix sjølv i byen gjennom det meste av livet, og ein får håpe at det går an å bu der òg "i Lukka, Ljos og Fred" - men dette er aldri tema i ein Blix-tekst.

Det nasjonale motivet vert tydelegare med alderen i Blix si salmedikting. Men han tek opp ein tråd her som alt er tydeleg i ungdomsdikta hans frå rundt 1860, så nytt er dette ikkje.

Og i siste strofe er trådane samla:
Gud, lat ditt Ord daa fylla / Kvar Heim fraa Fjell til Strand
Og med sitt Ljos faa gylla / Vaart fagre Fedraland!
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 2.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?