<$BlogRSDUrl$>

5.2.05

Dagens Blix 

Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa, / Og der han døypast vilde.
Johannes honom tel ifraa / Med bljuge Ord og milde.
Men Jesus segjer: So er rett, / Det i Guds Raadgjerd so er sett,
Hans Vilje maa me fremja.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 44

Sundag før faste, eller "Fastelagssundag", som er overskrifta i Nokre Salmar, har fått ny evangelietekst sidan Elias Blix' tid. Evangeliet denne salmen byggjer på, er Matteus 3,13-17, forteljinga om Jesu dåp. I vår tid er det 1. sundag etter Kristi openberringsdag som er "Jesu dåps sundag".

Dei to første strofene er nokså rett fram ei attforteljing av evangelieteksten. Dei fire siste er ein tekstmeditasjon, ikkje eigentleg ei preike. Her går "Eg"-personen i salmen inn i evangelieteksten, stiller døyparen Johannes' spørsmål og gjev eit svar forma både av evangelisten Matteus og av Martin Luther. Samanhengen mellom Jesu dåp og den einskilde kristnes dåp vert framheva. Alt er tradisjonelle dogmatiske motiv.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Onsdagens Blix.
# lagt inn 5.2.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?